Kråkebolleanlegget i Haukanesmarka vil komma i konflikt med viktige naturverdiar, meiner Oddvar Skre i Naturvernforbundet Hordaland. Illustrasjonsfoto: iStockphoto / kei.i
Kråkebolleanlegget i Haukanesmarka vil komma i konflikt med viktige naturverdiar, meiner Oddvar Skre i Naturvernforbundet Hordaland. Illustrasjonsfoto: iStockphoto / kei.i

LESARINNLEGG:

Kunnskapslaus forvaltning av naturverdiar i Haukanesmarka

I Marsteinen 17. september kommenterer styreleiar Sigurd Aase i Haukanes Maritime AS klagen som Forum for Naturvern og Friluftsliv (FNF) i Hordaland har sett fram mot vedtaket i Austevoll kommunestyre 18. juni om å byggja ut eit større område på austsida av Huftarøy til næringsverksemd,  landbasert akvakultur og annan landbasert næring, mellom anna oppdrett av kråkebollar. FNF-Hordaland er ei samanslutning av natur- og friluftslivorganisasjonane i Bergen og Hordaland. Planane for Haukanesmarka har vore til behandling i fleire år og vil føre til svært store inngrep på areal med store biologiske verdiar både på land og i sjø. Det aktuelle området på land er dekka av kupert skog av ein verneverdig naturtype, såkalla  boreonemoral regnskog (kystfuruskog), med to tjern og områder med nedbørsmyr. I sjø er det sukkertareskog, skjær med hekkelokalitetar for sjøfugl, og truleg oppvekstområde for fleire fiskeartar. Det planlagte kråkebolleanlegget vil medføre at ein stor del av fjellgrunnen under furuskogen blir sprengt vekk og fylt ut i sjøen. FNF påpeikar i klagen fleire svikt både når det gjeld registrering av artar og naturtypar, vurdering av naturverdiar og vurdering av konsekvensar. Blant anna blir det påstått at det «ikke er vurdert å være vesentlige verdier» i det utfylte sjøområdet, og at «en fylling kan være positivt for det biologiske mangfoldet i sjø». Dette er fullstendig feil og vitnar om stor uforstand om konsekvensar av naturinngrep. Rådgivende Biologer AS konkluderer tvert imot med at utfylling i sjø haar negativ konsekvens for naturmangfaldet. Tiltaket er i strid både med kravet til kunnskapsbasert forvaltning og føre-var-prinsippet i Naturmangfaldlova (§8 og 9).

I sitt motsvar påstår Sigurd Aase vidare at «Vi engasjerer de beste fagfolka» og framstiller oss som klagar som livsfjerne naturromantikarar som vil gjera heile Austevoll til eit «folkemuseum». Men faktum er at den såkalla konsekvensanalysen av Haukanesmarka som kommuneplanen i bygger på, analysen blei utført av eit konsulentfirma i Bergen – Tippetue Arkitekter AS – utan kompetanse på  biologiske verneverdiar, og som truleg utan å ha sett området noterte «ingen merknader» på natur og miljø, og utan å nemna at området er svært kupert og lite eigna til næring utan massive utsprengingar og borttransport av massar. Austsida av Huftarøy framstår i dag som i svært stor grad upåverka av større industrielle inngrep. Reguleringsplanen inneber utsprenging av eit stort krater i landskapet, og ei stor utfylling i eit verdifullt grunt sjøvassområde. I rapporten over terrestriske verneverdiar blir fleire raudlista mose- og lavartar oversett av konsulentfirmaet som fekk jobben av kommunen å utføra oppdraget. Seinare blei dei same artane funne i ein nærliggjande furuskog på Haukanes av same type som den i næringsområdet av konsulentfirmaet Biofokus AS, som har kompetanse på terrestrisk økologi. Sigurd Aase klagar oss for «urent spill» og mistenkeleggjering, men me prøver berre å få fram fakta og svake punkt i konsulentrapportane som konsekvensanalysen bygger på. Sigurd Aase legg ikkje fram ein einaste dokumentasjon på at klagen vår bygger på feil grunnlag, men slenger i staden ut lause påstandar, og i mangel av saklege argument prøver han å latterleggjera dei som klagar på utbygginga. Det er alltid lettare å ta mannen i staden for balle

Det kan og reisast spørsmål om kråkebolleproduksjonen er berekraftig slik det blir påstått av Aase, og at det er den rette formen for verdiskaping i kommunen når oljeinntektene sviktar. Det er ikkje lagt fram nokon analyse av lønsemda av produksjonen og samfunnsnytten av prosjektet, sett opp mot potensielle skadeverknader, som rasert tareskog og gyteområde for torsk. Torskebestanden langs kysten er i sterk tilbakegang, så ved å ta vare på gyteplassane, kunne ein ha bygd opp ein berekraftig stamme av kysttorsk som ville kunna gitt turistinntekter i framtida. Erfaringane frå andre liknande anlegg for kråkebolleoppdrett tyder ikkje på at dette vil bli nokon økonomisk suksess, og i så fall sit Austevoll kommune att med ein øydelagt natur og utan dei lova arbeidsplassane. Marknadene til kråkebollar finns hovudsakeleg i Asia, og klimautslepp i samband med dette må og inn i vurderingane av samfunnsnytten. Konklusjonen er at prosjektet er lite berekraftig, slik det blir påstått. Den store utfyllinga i sjøen er heller ikkje i samsvar med den vedtekne kommuneplanen. Dispensasjon frå kommuneplan kan etter Plan- og bygningslova berre gjevast når fordelane er større enn ulempene, og dette er ikkje sannsynleggjort i dette planarbeidet. Samfunnsnytten er heller ikkje vegen opp mot ulempene for natur og miljø, slik kravet er for dispensasjonar frå overordna plan ved utfylling i sjø. I tillegg til at kråkebolleprodukt ikkje akkurat kan kallast kortreist og klimavenleg mat, kan det og reisast klimainnvendingar mot å rasera fleire hundre mål med myrlendt skog, når me veit at jord og myr tek opp 4-5 gonger så mykje karbon som sjølve skogen.

Endeleg er det ei alvorleg innvending at Austevoll kommune manglar ein naturmangfaldsplan, slik at kommunen ikkje har relevant kompetanse på natur og miljø. I Miljødirektoratet sin kartløysing for økologiske grunnkart er Austevoll ikkje kartlagt. Kommunen har difor ikkje tilgang på uavhengige data for naturtypar og naturmangfald i Austevoll. Faktisk er Austevoll ein av to kommunar i heile landet som sa nei takk til tilbodet om konsulenthjelp i arbeidet med å kartleggja naturmangfald. Denne kommunen ønskjer altså ikkje kunnskap som kan vera i motstrid til presset frå økonomiske interesser som vil utnytta naturressursane til eigne formål, utan tanke for konsekvensane for naturen og for framtidige generasjonar.

Oddvar Skre

Naturvernforbundet Hordaland