Det er ein vaksen hummar Thomas Hufthammer og Glenn Sandtorv målar opp. Hoa er kring 30 centimeter, og kan godt ha rogn inne i skalet. Det tek lang tid frå ein hanne har para seg med henne til egga vert klekka.
Det er ein vaksen hummar Thomas Hufthammer og Glenn Sandtorv målar opp. Hoa er kring 30 centimeter, og kan godt ha rogn inne i skalet. Det tek lang tid frå ein hanne har para seg med henne til egga vert klekka.

Freda friplass for hummaren

Hummarverneområdet kring Trollsøy gjev allereie synlege resultat. Då Marsteinen var med på forsøksfiske, var dei store å finna inne i den verna sona.

Sjarken ”Huftarøy” buldrar i veg med kursen sett nordover. Referanseområdet sør for Lambøya har gjeve brukbar fangst av den svarte, lett myteomspunne hummaren. Fellesnemnaren er likevel hummar som vakar rundt minstemålet på 25 centimeter frå toppen av tryneskalet til haletippen. Me halte 20 teiner, og det sat til saman elleve svartingar og lurte i dei.

Glenn Sandtorv har vore Havforskinga sitt farlege alibi på turane med elevar frå naturbrukslina ved Austevoll vidaregåande skule på tredje året.

– Eg meiner me har sett ein auke i storleiken på humrane i verneområdet sidan det vart oppretta. Seint på sesongen opplever me at bestanden er stabil ved Trollsøy, medan hummaren i referanseområdet er oppfiska, seier Sandtorv, som likevel poengterer at folk er flinke med å setja ut att hummar som er under minstemålet eller som hodyr med rogn.

Elevane i dei tre grunnkursklassane har rullert på å vera med, fyrst å fiska agn med makrellgarn, lete fangsten surna før dei var salta på. Om det luktar ille for ei menneskenase, er det som nektar for biene for ein svolten hummar.

Larvefabrikkar

Når faglærar Svein Helge Vågen bakkar opp sjarken, er det Karoline Ringdal som halar blåsa over bord, klassekamerat Katrine Sekkingstad festar tauverket mellom dei to tromlane i kraftblokka, medan ho opplyser kva teinenummer som er på veg opp frå det relative djupet. Glenn Standtorv noterer nummeret ned på arket han har festa på notatbrettet. Når teina vert svinga elegant opp, opnar Mikal Ljones Hammer teina i eine enden, tek ut den heldige hummaren på sorteringsbrettet, deretter er det opp til Thomas Hufthammer og Glenn til å måla herlegdomen. Det er både totallengda, lengda på hovudskalet og til slutt breidda på knusekloa som skal førast inn i loggen.

– Her må det ha vore nokon før oss, seier Vågen skuffa etter den tredje teina vert trekt tom opp frå djupna i verneområdet. Om det skulle vera nokon tvil, er det slett ikkje lov å fiska med noko anna enn stang og handhalde snøre i verneområdet.

Likevel, med sparsam bruk av hestekreftane om bord, tokkar me nokre meter vidare. Lukka ei i ferd med å snu når me nærmar oss Grøningen. Særleg fantasi har dei ikkje hatt dei som har gjeve holmen namnet sitt. Sau har beita og halda graset kort og grønt, og nokre småvekste tre hjelper sikkert mot at uvêr og nedbør tærer bort jordsmonnet som kviler på toppen av granitten.

– Sjå, ei sugga. Med rur og alt, seier mannen med argusaugo, Svein Helge. Ho nærmar seg 30 centimeter, og halepartiet har fem-seks gongar meier volum enn dei hoene som er 23-24 centimeter lange. Men rogn har ho enno ikkje. Det er nettopp desse store hoene som er gull verdt i produksjonen av hummarlarvar.

Gro van der Meeren opplyser til Marsteinen Havforskningsinstituttet, HI, har tilrådd at hoer over 30 cm må vernast, med eller utan egg, for desse som har innrogn er like verdifulle for ungeproduksjon som dei med utrogn. Helst dei store hannane og, då ei stor ho helst parar seg med og får mest sperm frå ein minst like stor hann. Lukka ved Trollsøy er at desse store fabrikkane for nye generasjonar hummar lever vidare. Når det kjem til dei store hannane viser doktorgradsarbeidet til Tonje Knutsen Sørdalen at storleiken på knuseklørne til hannhummaren er ein attraktor for hoene. Medan desse hannane ofte vert fiska opp der teinefiske er tillete, gjev verneområde moglegheit for hoene til å para seg oftare med dei attraktive hannane.

Raske resultat

Det er slett ikkje svart hav ved holmane, og midt mellom standardhumrane dukkar det òg fram ei slik testosteronbombe. Ein hann med kraftig utstyr – knuseklo altså – og ei lengde på magiske 30 centimeter. Marsteinens utsende filmar ivrig frå den svarte kardinalen vert teken ut av teina til dei strategiske måla vert tekne og han får slå med halen i havoverflata og koma seg ned ti dei mest attraktive plassane på botnen, gjerne i steinurer der dei kan halda seg i skjul. Skjønt, med slike klør, er det nok ikkje mange som vågar å kødda seg. Særleg ikkje artsfrendar.

Dame på si side treng lang tid på føra slekta vidare, eller klekkjer ut, om du vil. Me tyr igjen til Gro van der Meeren sin kunnskap.

– Hoa vil helst para seg rett etter skalskifte, når ho er mjuk. Då kan hannen plassera sperma sine heilt inne i dei to spermlagra ho har, eitt i kvar eggleiar. Om ho har hardt skal, slit han med å få det på rett plass. Sidan hoa er nærast tom inne i nyskalet, så må ho eta seg opp, ikkje minst egga må byggjast opp. Dei skal bli fulle av plommemasse. Det tar nær eitt år. Egga blir ikkje befrukta av sperma før året etter paring, når dei gytast, skriv hummarnestoren.

Kart over verneområdet ved Trollsøy, via Fiskeridirektoratet.

Harde tak i teinene

Medan Marsteinen berre er med på denne eine føremiddagen, viser tala frå dei to fyrste åra med forskingsfiske ved Trollsøy og i referanseområdet ei klar utvikling. Terje van der Meeren gjorde greie for dette i ein kronikk i lokalavisa tidlegare i år. I referanseområdet vert hummerbestanden over 25 cm redusert med 94 prosent etter fisket opna 1. oktober, medan artsfrendane under 25 centimeter òg gjekk attende, med 48 prosent. Rekrutteringa vert nesten teken heilt bort over fire år, dersom tre av fire hummer endar i gryta eller i bakaromnen. I fredningsområdet auka fangsten og hummaren vaks seg større.

Glenn fortel at dei onsdagen fekk 31 humrar i verneområdet på 20 teiner, med fem humrar i ei teine som det meste, medan det var elleve på like mange einingar i referanseområdet. Sidan dei er kannibalar og handterer kvarandre deretter, skal dei fire mindre humrane vera glade for at teinene vert rullerte dagleg.

– Eg hadde ikkje vore glad for å verta stengd inne i eit bur med fire kannibalar, konkluderer Marsteinen sin utsende.

Kathrine Sekkingstad meiner at fangstane var gode både i verneområdet og i referanseområdet denne dagen.

– Eg forventar likevel at det vert mykje mindre hummar i referanseområdet når me skal fiska der i veke 43, samstundes som det nok vert det same som no i verneområdet, meier skuleeleven, som er samd med faglærar Vågen at det er merkverdig kor lite krabbe det går i hummarteinene på nordaustsida av kommunen, samanlikna med området sørvest for Huftarøy.

Klassekamerat Mikal Ljones Hammer frå Norheimsund er ikkje framand for hummarfisket, sjølv om det ikkje er like febrilske tilstandar inne i fjorden.

– Eg har vore med, men det er kanskje betre forhold på Jondal-sida av fjorden, tenkjer kvemmingen, som ser for seg ei karriere i oppdrettsnæringa når han er ferdig med skulegang og læretid.

Og for Glenn som er inne i den tredje perioden sin som eksklusiv hummarfiskar ved Trollsøy, er dommen klar.

– Resultata me allereie ser ved Trollsøy, gjer at eg absolutt ynskjer meg fleire slike område i Austevoll, understrekar han.