Tre slike fly gjekk til åtak på frakteskipet "Vesta" i Krossfjorden. To av dei kom skadde tilbake, eitt vart skote ned i Hundvåkosen. Foto via Bengt Stangvik.
Tre slike fly gjekk til åtak på frakteskipet "Vesta" i Krossfjorden. To av dei kom skadde tilbake, eitt vart skote ned i Hundvåkosen. Foto via Bengt Stangvik.

80 år sidan i oktober:

Flymysteriet i Hundvåkosen

Ein reketrål med forvridde metallrestar, ein kanadisk fyllepenn, og augevitneskildringar om eit stort fly som vart skote ned av fleire mindre. Brikkar som ikkje passa heilt saman. Likevel: Laurdag er det 80 år sidan ein britisk skupbombar vart skote ned over Hundvåkosen.

Fyrste brikke om då journalisten var på reportasjeoppdrag i Skoltafjorden for tolv år sidan. Stikkord var den gongen reketråling. Olav Endre Drønen om bord i ”Munin” kunne fortelja eitt og anna om ting han hadde fått i trålen. I Nordsjøen hadde han ein gong fått svære og tilsynelatande intakte hornminer … og flyrestar. Slik var det det òg ein stad her heime, i Hundvåkosen.

– Då eg byrja med reketrål, vart eg åtvara frå andre som hadde drive ned dette, at det låg eit fly i Osen, men då nærare Skårasundet enn der eg sat meg fast, seier Drønen i 2020 til lokalavisa. Han minnast han fekk ein forvridd aluminiumsdel om bord. Denne var for stor til å ha på dekk, og han var òg for stor til at det var plass på dekk til han. Fiskaren minnast han sleppte vrakbiten over borde ein stad det ikkje var fiskeri.

Andre del

I samanheng med anna historisk research kom ei augevitneskildring av ei trefning som resulterte i nedskytinga av ein alliert fly. Augnevitnet skal ha sagt til krigshistorieentusiast Svein Ove Agdestein at nokre større fly vart etterfølgd av ein sverm mindre fly, som til slutt resulterte i at eitt av dei store styrta ned i sjøen like ved Torangskjeret.

– Tre menn som var ute og fiska rodde bort til staden der flyet styrta og fann ein mann. Han hadde på seg ein grå-blå uniform med ein ring med ei løkke rundt erme. Dei førte han til lands og la han i eit naust der tyskarane henta han kort tid etter. Andre kjelder fortel at han hadde ein kanadisk-produsert fyllepenn på seg.

– Dette er det eg har om saka, eg har ikkje klart å finna ut kva fly eller mannskap det dreiar seg om. Det heile er førebels ei gåte, skreiv Agdestein til Marsteinen-journalisten. Datoen augnevitnet kopla hendinga til var sitt eige bryllaup, i starten av september 1943.

Skua over tyskokkuperte Noreg, 1940. Biletet er teken i Haugaland-traktene. Foto via Bengt Stangvik.

På leitt

Det finst ei rekkje kjelder ein med interesse kan leita etter fly som er gått tapt. Det er trådar som kanskje ikkje er tvinna saman enno. I samband med raidet på Sagvåg i januar 1943, omtalar mellom andre nokre kjelder eit Junkers 88-fly som gjekk til åtak på dei norske MTB-ane som farta attende til Shetland. I dei tyske arkiva finn du opplysningar om kva fly som vart sakna denne dagen, og koplinga og ein kan vera med å fortelja kven desse fire tyskarane om bord i Junkersen var. Flyet skal nærast ha delt seg i to i lufta då det vart pepra av kanonane frå seks MTB-ar, og ein av mannskapet var synleg i det han raste mot vassflata.

I tilfellet med flyet i Osen var det ingen indikatorar nokon stad på fly som kan ha vorte skote ned i området, eller allierte flygarar som vart gravlagde av okkupasjonsmakta i den aktuelle perioden i 1943. Sjølv når ein auka søket til 1941, ’42 og ’44 vart flyvraket ei større og større gåte.

Marineuniforma

I løpet av krigen opererte Royal Navy fly frå hangarskip ute i Nordsjøen og Norskehavet. Flygaren sin uniform peika i retning at han var marineflygar og ikkje luftforsvarsmann. Ein britisk grad ville eit band over ermet med ei sløyfe tilsvara norsk fenrik, medan dei i England ville hatt graden sub lieutenant. Likevel, ingen av denne graden såg ut til å vera gravlagde i dei aktuelle åra på Møllendal og heller ikkje på Rossabø i Haugesund, der fleire omkomne allierte flygarar som vart skote ned over mellom anna Austevoll kviler.

Så kom det inn ein telefon til lokalavisa, i kjølvatnet av boka Eit lite øysamfunn i den store krigen, som Finn Dyngvold og herverande journalist førte i pennen.

– Kva veit du om Skuaen som vart skote ned nord for Hufthamar?

Spørsmålet kom frå Ole Bjørn Sælensminde, som driv historisk research og skriv bøker om flyhistorie. Det einaste flyet eg hadde høyrt om i området var mysterieflyet i 1943. Skuaen vart skote ned i oktober 1940, i mange kjelder står posisjonen oppgjeven som Krossfjorden. Men så fall brikkane meir på plass. Det var ein flygar som vart funnen, fenrik Alan Hartoch, som er gravlagd på Møllendal. Dei tyske kjeldene er avmålte, men skriv at frakteskuta ”Vesta” på 1300 tonn vart angripe av britiske Skua-fly klokka 17:40. Eit fly skote ned av jagarfly står det å lesa. Frå skriv datert 5. oktober og signert Hauptmann und Major beim Stabs i Bergen, går det fram at den norske damparen hadde blitt treft av to bomber. Den eine var ein blindgjengar i lasterommet og den andre ein som øydela radiosystemet 0m bord.

Frå Gefechtsmeldung, ein kamprapport, ført i pennen av den tyske piloten Løytnant Hans-Jakob Arnoldy finn me at nedskytinga av den eine Skuaen vart tilskriven Bernard Haarbach, med underoffisersgrad. Skuaen falt brennande mot sjøen, medan Arnoldy og  Matzke i sine Messerschmitt-fly gjorde det dei kunne for å skyta ned dei to andre britiske flya, som søkte tilflukt i skyene. Kva som skjedde med Haarbach seinare i krigen, har journalisten ikkje funne ut av. Mest truleg var den engelske stupbombaren den einaste nedskytinga hans. Arnoldy fekk mellom sju og ni nedskytingar, før han sjølv døydde av skotskadar etter ei trefning med Hurricane-jagarar over Hellas 14. april 1941.

Skuaen var aktiv langs kysten i 1940, og var mellom anna involvert i bombing av Marstein fyr ved to høve, 25. juli og 1. august. Stupbombarar kunne vera særleg effektive mot sjøstridsmål, og denne flytypen var særleg utvikla for å kunna slå til mot fientlege hangarskip. Det hadde ikkje tyskarane, og slagskipa og kryssarane deira hadde så godt antiluftskyts at alle åtak med skua-fly gav store tap. Når det er sagt, var seinkinga av ”Königsberg” ved Skoltegrunnskaien i Bergen eit resultat av eit djervt skuaangrep.

Flytypen hadde låg toppfart, og sjølv om det på papiret var ein slags revolusjonerande design då det flaug for fyrste gong, var det altfor sårbart for åtak frå tyske jagarfly, som nærast kunne fly sirklar rundt skuaen.

Tok av frå Shetland

I britiske arkiv er det naturlegvis meir å finna om flyet frå Osen, mellom anna frå loggane til 801. skvadronen. Me finn fleire brev som er adressert til fru M. Hartoch, 17 Kingsley Road i Bedford knytt til sonen hennar, Alan Hartoch, sin død. I eit brev datert 6. mars 1941 stadfestar Admiralitetet òg at den unge flygaren ligg gravlagd på Møllendal. I dag er adressa i Bedford tilsynelatande eit typisk, men velhalde, britisk rekkehus, på eit hjørne av gata. Byen ligg kort veg nord for London, og unge Alan må ha kjent uro for dei der heime når Hitler kasta bombefly og jagarar for å knusa Royal Air Force og brekka den britiske krigsmoralen. Tidleg i oktober 1940 hadde han enno ikkje gjeve opp i Slaget om Storbritannia, men kanskje klang tala til statsminister Churchill i øyro, den om å slåst på strendene, slåst på bruhovuda …

Alan sat bak spakane i stupbombaren, og hadde med seg Eric Adlam som skyttar. Eric var frå Nossmayo på sørkysten av England, nokre korte kilometer frå hamnebyen Plymouth. Næraste slektning var mora Hilda Mary Adlam, som ikkje fekk same melding som mora til flygaren, ettersom noko lik ikkje vart funne eller rapportert. Av det kan me slutta at den unge briten truleg sit i vrakrestane av flyet 80 år seinare.

Det spesielle med oppdraget den 3. oktober, var at dei flya ikkje opererte frå hangarskipet sitt, men tok av frå ulike flyplassar klokka 14:15. Orden var å ikkje fly inn til norskekysten med mindre det var nok skydekke til flya til å kunna gøyma seg. Nokre fly gjekk til åtak på hamna i Haugesund, medan tre bomba lasteskipet i Bjørnefjorden. Desse tre flya tok av frå Hatston ved marinebasen Scapa Flow på Orknøyane. Dei kom inn over Noreg nokre få kilometer sør for Selbjørnsfjorden, før dei kryssa nordover for å leita etter skip i Bjørnefjorden. Mot målet, som me altså veit var lasteskipet ”Vesta”, droppa flya kvar si 250 pund og åtte 20 pundsbomber mot skipet frå 1000 fot. Etter angrepet rapporterte flya at målet var stogga, med slagside og akterenden djupt i sjøen.

Av flya som gjekk til åtak i Bjørnefjorden / Krossfjorden var det berre to som kom attende, og det står at begge flya var skadde då dei landa på flystripa sør på Shetland, Sumburgh. Ein av skyttarane var òg såra i beinet. Interessant nok står det òg at bombene deira trefte skipet, og britane meiner at skipet truleg sokk som ei fylgje av skadane.

Viseadmiralen på Orknøyane skriv 10. oktober til admiralitetet i London at tyskarane sine varslingssystem på norskekysten er vortne betre, men at dei kan omgåast ved å fly lågt inn til måla og dessutan utnytta skyer eller skydekke for å unngå dei tyske jagarflya som er stasjonerte mellom anna på Sola. Viseadmiralen skriv òg at åtakarane må endra på tidspunkta dei rettar nålestikka sine mot okkupasjonsmakta i Noreg. Avdøydde Eric Adlam er ein av to flygarar som fortener offentleg ros for innsatsen sin retta mot tyskarane langs norskekysten.

Glimt frå ei hending

Vraket av skuaen ligg på djupt vatn i Hundvåkosen. Om det var restar frå dette flyet Olav Endre Drønen fekk i trålen, er det på om lag 110 meter. Me har ikkje hatt høve til å verifisera vrakrestane der dei ligg på djupna, og så lenge det ikkje er gjort, er det alltid ei uvisse knytt til om historia held vatn.

Dei to flygarane er enn så lenge andletslause flygarar, trass i forsøk på å spora slekta borte i Storbritannia. Hartoch er gravlagd på Møllendal, ein kort spassertur frå Haukeland universitetssjukehus, omringa av andre krigsgraver. I Hundvåkosen er Adlam si krigsgrav, som i utgangspunktet ikkje kan uroast, trass i at det ligg midt i eit rekefelt.

Kjelder:

Bøker:

Smith, Peter C. ”Skua! The Royal Navy’s Dive-Bomber”, Pen and Sword Aviation, Barnsley 2006

Internett:

Aces of the Luftwaffe: Hans-Jakob Arnoldy, http://www.luftwaffe.cz/arnoldy.html

henta 21.04.2017

Arkiv/Rapportar:

Adm 338/227, National Archives, Kew, England

C.O. R.N Air Station, Hatston 4903/001 ”Attack by 801 Squadron on Objectives in Norway – report”.

Kriegstagebuch des Kommandierenden Admirals Norwegen. Vom 1. Okt 1940 Bis 15. Okt 1940. I. Ausferdigung. Bundesarkiv.

Lt Hans-Jakob Arnoldys Gefechtsmeldung, JG 77,  Herdla, 4.10.1940. Bundesarkiv.

Krigsdagbok, Hauptmann und Major beim Stab, Bergen, 5. 10. 1940. Bundesarkiv.

Korrespondanse med Svein Ove Agdestein. Lokal kjelde Torstein Njåstad.