Bilete frå arbeidet med å installere støttefylling ved den torpederte tyske ubåten U864 i 2016. No har Samferdselsdepartementet sett ned eit nytt utval som skal vurdere kva som skal gjerast med vraket. Foto: Kystverket / NTB / NPK
Bilete frå arbeidet med å installere støttefylling ved den torpederte tyske ubåten U864 i 2016. No har Samferdselsdepartementet sett ned eit nytt utval som skal vurdere kva som skal gjerast med vraket. Foto: Kystverket / NTB / NPK

Ekspertutvalet for Fedje-ubåten er utnemnd

Ekspertutvalet som skal vurdere kva som skal gjerast med ubåtvraket U864 utanfor Fedje, er no utnemnt av Samferdselsdepartementet.

Vraket av ubåten frå andre verdskrigen vart funne i 2003, og det vart klart at ubåten mellom anna hadde 67 tonn flytande kvikksølv om bord, lagra på stålflasker.

Sidan då har diskusjonen gått om kva som er den beste løysinga. I 2007 vart det bestemte at ubåten og området rundt skulle tildekkast. Etter kraftig motstand snudde den sitjande regjeringa, og det vart to år seinare bestemt at den skulle hevast. Året etter, i 2010, vart det bestemte at det skulle gjennomførast nye utgreiingar.

I 2012 kom det ein rapport som sa at tildekking er det rimelegaste og tryggaste alternativet, og så seint som i 2018 sette regjeringa av 30 millionar kroner til arbeidet med å dekka til ubåten etter at mellom anna Kystverket støtta denne løysinga.

Utsett i sommar

Samferdselsdepartementet håpa då at tildekkinga skulle vere ferdig denne sommaren. Men i juni valde samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) å setja ein strek over den gjeldande planen om å leggja ei fylling over vraket.

Han ville då setja ned eit utval som på nytt skal gå gjennom saka og vurdera den beste løysinga. No er altså utvalet sett ned, med mål om å levera rapporten sin seinast 1. november neste år.

– Folk på Fedje, og langs vestlandskysten, er engstelege for kva som kan skje med kvikksølvlasta om bord i ubåtvraket som ligg på botnen av havet. Det er viktig for oss at det vi til slutt vel å gjera, skal vera trygt for mange generasjonar fram i tid. seier Hareide.

Utval

Gro Kielland skal leia ekspertutvalet. Ho har i mange år vore leiar innan oljeindustrien og har arbeidd på styrenivå for ei rekkje selskap, mellom anna Aker BP.

Resten av medlemmene i utvalet er Martha Kold Bakkevig, styremedlem i mellom anna Kongsberggruppen; Per Buset, TIOS-Group; Sylvia Frantzen, forskar ved Havforskingsinstituttet; Kristin Magnussen, partnar i Menon; Viktor Nilsen-Nygaard, Marine Manager Equinor; Deborah Oughton, direktør for CERAD og professor ved NMBU; Øyvind Voie, forskingsleiar FFI og Eric Waymel, Offshore Operations Manager TechnipFMC.

Utvalet skal sjå på om det er ny teknologi som kan takast i bruk og er ikkje låst til dei løysingane som allereie er greidde ut. Målet for utgreiinga vil vere å sikre minst mogleg miljørisiko på lang sikt.

Den tyske ubåten U864 vart torpedert av ein britisk ubåt 9. februar 1945, to nautiske mil vest for Fedje i Hordaland. Ubåten knakk i to delar og sokk. I 2003 vart han funnen, på 150 meters djup, lasta med 1.847 kvikksølvbehaldarar.

(©NPK)

kirsten.offerdal@npk.no