– Likevel må folk belage seg på at det vil vere driftsforstyrringar utover heile dagen, skriv Yrkestrafikkforbundet i ei pressemelding torsdag morgon.
Eit fleirtal av forhandlingsdelegasjonen tilrår oppgjeret. No skal forhandlingsresultatet ut på uravstemming til medlemmene i dei fire organisasjonane.
Dersom forslaget får fleirtal blant den samla medlemsmassen, blir oppgjeret godkjent.
– Me har meir enn dobla det opphavlege tilbodet frå arbeidsgivar. Det blir gitt generelle tillegg på til saman 5,50 kroner, og dessutan 1 krone som fagbrevtillegg i 2020, uttaler forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet Jim Klungnes i ei pressemelding.
Dei første bussjåførane vart tekne ut i streik sundag 20. september. Totalt la over 8.000 bussjåførar landet over ned arbeidet, og streiken har ramma heile landet.
– Me vil takka befolkninga og passasjerane våre for den massive støtta me har opplevd gjennom streiken, seier forhandlingsleiar Stein Guldbrandsen i Fagforbundet.
NPK