– Alle er nøydde til å ta refleks på jakker, sekkar, vesker og bagar. Det kan vera forskjellen på liv og død, seier trafikkansvarleg og politibetjent Svein Storebø i Austevoll-politiet. I fylgje Trygg trafikk brukar berre fire av ti vaksne refleks, og verst er menn på 30 år og eldre.
– Det er berre å gjera det til ei vane å bruka refleks i halvåret me no går inn i. Dagtid som kveld. Sjølv om det er lyst kan fotgjengarar koma brått for bilisten. Barnehagane er veldig flinke på å bruka den gule vesten heile dagen. Der har me alle litt å læra, seier politibetjenten.
Hugs lys på sparkesykkelen
Det vert stadig hyppigare bruk av syklar og el-sparkesyklar i Austevoll. Politiet ber store som små å syta for at dei er tilstrekkeleg synleg òg på to hjul.
– Ha fungerande lys på syklane, i tillegg til bruk av refleks. Det i kombinasjon med gangfart i det du passerer gåande, så kjem dette til å bli ein trygg og god haust langs vegen, seier Storebø. Han ber òg bilistane om å ta ansvar. Dei bør særleg vera ekstra varsame ved skulane. Politiet registrer framleis at det er sjåførar som ikkje tek tilstrekkeleg omsyn i desse områda. I fylgje Trygg trafikk vil ein bilist i 50 kilometer i timen, berre ha to sekund på å sjå deg om du ikkje har refleks, i motsetnad til 10 sekund ved bruk av det reflekterande stoffet.
– Det krev eit godt samarbeid mellom billist og mjuke trafikantar. Tilpass farten og ta det roleg. Hugs, det er kult å bruka refleks, avsluttar politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt.
Tips til refleksbruk
Jo meir refleks, jo meir er du synleg!
- Fest refleks på alle jakker og bagar
- Bruk refleks som beveger seg når du går, dei er mest synleg
- Heng refleksen i knehøgd
- Bruk to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar
- Sjekk at refleksen ikkje er veldig ripete – då verkar ho dårlegare
PS: Visste du at du kan testa reflekseffekten ved å lysa på refleksen med ei lommelykt i eit mørkt rom?
Kjelde: Trygg trafikk