Operativ leiar i Fjord1, Bjørn Barstad, seier at dei har folk på veg for å retta feilen.
– Me har som mål at ferja er i normal drift frå lunsj i morgon. MF «Horgefjord» ligg til vanleg i ro om laurdagen, så dersom me ikkje blir klar i morgon så vonar me at ferja er i rute sundag, fortel han.
Barstad ber elles folk om å følgja med på trafikkmeldingane.
SISTE: MF «Sogn» tar over b-ruta med avgang frå Hufthamar klokka 14.10.