Covid-19 er påvist på tre austevollingar den siste knappe veka. Illustrasjon: Pornpak Khunatorn/ iStockphoto.
Covid-19 er påvist på tre austevollingar den siste knappe veka. Illustrasjon: Pornpak Khunatorn/ iStockphoto.

Tre personar med påvist covid-19 sidan laurdag

To nye personar har fått påvist korona onsdag, melder kommunen. Det kjem i tillegg til tilfellet laurdag. Smittesporing pågår for fullt og fleire vil truleg bli sett i karantene.

To nye smittetilfelle er stadfesta i dag, onsdag. I tillegg er det eit smittetilfelle som blei påvist laurdag ettermiddag. Smittesporinga pågår, og kommunen legg til grunn at fleire vil bli sett i karantene. Førebels er det fire personar som er i karantene som fylgje av dette smitteutbrotet. I tillegg er det to andre menneske som er i karantene ut denne veka, som fylgje av tidlegare utbrot, står det å lesa på kommunen sine nettisder.

Blænes Bygg AS opplyser at butikken deira er stengt ut denne veka.