Då brigde-paret Rune Fagerbakke og Bjarte Haugland deltok i krinsmeisterskapen no i august hamna dei på tredjeplass av i alt 17 par. Berre dei to beste para kvalifiserte seg til NM, og Fagerbakke / Haugland gjekk dermed akkurat glipp av ein tur til Kragerø. I går kom kontrabeskjeden om at paret frå Os som vann KM, har pådrege seg koronakarantene, noko som blei motteken med blanda kjensle.
– Det klart at det er gøy og lærerikt å få delta i eit NM, men me er sjølvsagt lei oss på vegne av vennane våre på Os som misser høvet til å kjempa, seier Fagerbakke.
Samspelte
Dei to brigde-entusiastane set kursen mot Sørlandet på fredag og skal vera der og tevla mot 47 andre par.
– Me skal møta alle para før det blir kåra ein vinnar på sundag, held Rune fram.
På grunn av restriksjonane kring smittevern er det i år større bord enn vanleg, noko Rune ser utfordringar med.
– No blir det ekstra viktig å hugsa brillene, ler Fagerbakke høgt.
– Kva er styrken i spelet dykkar?
– Me er veldig samspelte etter 20 år som par, og no får me verkeleg målt oss mot dei beste.
– Kva plassering er det realistisk å håpa på?
– Me siktar alltid mot toppen, avsluttar han med glimt i auga.