Det kan bli mange bilar samstundes rundt skulane om bussane vert ståande i Vik fra måndag av. Her frå haldeplassen på Eidsbøen.
Det kan bli mange bilar samstundes rundt skulane om bussane vert ståande i Vik fra måndag av. Her frå haldeplassen på Eidsbøen.

Skulane førebur seg på busstreik

På måndag kan det bli kaotisk rundt skulane dersom bussane står i ro. Elevane skal møta som vanleg, og rektorane ber foreldra vera førebudde på kø.

Det blir mange fleire bilar i trafikkbiletet om alle elevane må skyssast privat til skulane frå måndag av. På Eidsbøen kan rektor Anders Hjelle fortelja at den trafikale utfordringa vert større hos dei frå tysdag av.

– Elevane startar skuledagen 09.45 på måndagar, og då er mange foreldre på jobb utan moglegheit å kunna køyra sine håpefulle på skulen, seier Hjelle.

Informasjonen som er gått ut til foreldra er at det er deira ansvar å få elevane på skulen.

– Foreldra må organisera transport sjølv, og skulen ber bilistane å visa omsyn til gåande, syklande og andre trafikantar dersom ein skal setja av eller plukka opp elevar ved skulen. Me lyt berre følgja med og prøva å agera på problemstillingane deretter, fortel han vidare.

Skulen har ein elev som kjem med båt frå Møkster, og her har rektor teke grep.

– Me har ordna det sånn at han får sitja på med ein assistent, avsluttar Hjelle og legg til at han håpar at det blir organisert samkøyring der det er mogleg.

Trafikkvaktar

På Storebø skule er det mykje dei same beskjedane som er gitt, men rektor Vibecke Storebø seier skulen vil setja ut ekstra vaktar med oransje vestar, og har bede politiet om å vera ekstra merksame.

– Me tilrår foreldra å nytta alternative stader å setja frå seg barna, og me vil stå trafikkvakt med synlege refleksvestar for å prøva å forhindra det totale kaos, seier Storebø.

 – Trur du at mange ikkje kjem seg på skulen?

– Det veit me jo ikkje. Jobben vår i ein sånn situasjon er at me må registrera, fanga opp og fylgja opp der det er behov. No må me berre la det stå til, og håper at dette ikkje går for mykje utover elevane våre, fortel ho avslutningsvis.

Avisa har ikkje lukkast å komma i kontakt med rektor på Selbjørn skule, Trygve Fjeld.