– Personen det gjeld er sett i isolasjon, opplyser konst. helse- og velferdskommunalsjef Ida Heggholmen overfor lokalavisa. Fire andre er sett i karantene, medan smittekjelda, som enno er ukjent, vert undersøkt.
Blænes Bygg skal ha stengt verksemda si, utan at det har vore eit pålegg frå kommuneoverlegen. To personar frå selskapet er i karantene. Ein annan austevolling er i karantene etter sjukebesøk på Haukeland universitetssjukehus, der det er smitte på ei eller fleire av avdelingane vedkommande har vore innom, opplyser kommunalsjefen.
Denne veka er 106 personar testa, og det er tre prøvesvar kommunen enno ventar svar på.
PS! Marsteinen kom i skade for å skriva at det var varaordførar Anja Heggholmen som gav oss kommentarane, det rette er altså Ida Heggholmen, kommunalsjefen.