Medan kommunen i år ikkje set ut konteinerar i samband med den nasjonale strandryddedagen, er Sunnhordland interkommunale miljøverk open for å ta i mot det du plukkar. Lag og organisasjonar kan jamvel tena seg ein 100-lapp per sekk om dei dokumenterer innsatsen, skriv pressekontakt Janne Hillersøy i SIM til Marsteinen, og viser til søknadsskjema på nettsida deira.
Korleis det gjekk i Bovika kan du lesa på Bergen og Hordaland turlag sine verdsvevsider.