– Me skal gjera eit arbeid på landstraumanlegg. Me skal gjera arbeid på hovudtavla, og leggja tjukke kablar til noko som minnar om enorme stikkontaktar, fortel dagleg leiar Rune Kolbeinsvik i Austevoll Elektro til Marsteinen. Hurtigruteskipet vert liggjande i halvanna veke, og vert etterfølgd av «Midnattsol», der det same arbeidet skal gjennomførast.
Landstraum vert nytta som eit energi- og miljøretta tiltak for skip som ligg ved kai, som erstatting for å ha i gang hovud-, hjelpemotorar eller generatorar.
Austevoll elektro vil ikkje utdjupa storleiken på kontrakten med Hurtigruten, men Kolbeinsvik synest det er spanande med storfint besøk.
«Trollfjord» vert etterfølgd av «Midnattsol», som `og skal få austevollsk landstraumanlegg om bord. Foto: Wenche Toft/ Austevoll forlag.