Det ser ut til å kunna bli hundepark på Vinnes, med ein kostnad på 180 000 kroner. Illustrasjonsfoto. iStockphoto/Sunrazor.
Det ser ut til å kunna bli hundepark på Vinnes, med ein kostnad på 180 000 kroner. Illustrasjonsfoto. iStockphoto/Sunrazor.

Eit steg nærare hundepark

Ved parkeringsplassen inn mot Vinnesvatnet ynskjer Austevoll hundeklubb å laga ein hundepark. Kommunestyret vil laga ei sak om bevilling av pengar til dette no haust.

Eit samrøysta formannskap er positive til at hundeklubben søkjer kommunen pengar til å laga hundepark i Austevoll.

– Dette vil gje oss ein møteplass, ein stad å halda kurs og få opp aktiviteten i klubben. At kommunen er positive, er veldig kjekt.

Det seier Reidun Bjelland, som er styremedlem i Austevoll hundeklubb. Klubben søkte om 180 000 kroner frå bygdehus og lokalmiljø-potten, som vart handsama i formannskapet den 12. august. Dei fekk ikkje pengane denne gongen, men formannskapet vedtok å handsama hundeparken i ei eiga sak i haust. Det gjeldt òg søknaden frå Storebø vel, om å utbetra Tusenårsstaden.

Bandtvang heile året

Medan det var slutt på den generelle bandtvangen i Noreg den 21. august, er Austevoll ein av 180 kommunar som har eit lokalt reglement på dette. Dei gjeldande reglane vart vedteke i kommunestyret 6. februar 2007, og seier at eigar eller brukar av hund i Austevoll skal halda hunden i band, forsvarleg inngjerda eller innestengt heile året. Ingen regel utan unnatak; for hundar brukt i jakt, søk etter såra vilt, politi- og redningsteneste og dresserte gjetarhundar, gjeld ikkje bandtvangen.

Reidun Bjelland meiner at desse reglane gjer det ekstra prekært å få opp eit inngjerda område i Austevoll der hundar kan springa fritt.

– Det er viktig for hunden si velferd og helse at han får vera aktiv. Då det er bandtvang heile året, er det spesielt viktig for Austevoll å ha ein hundepark.

Positiv grunneigar

Øystein Fammestad er grunneigar av området i Vinnesvågen der det er planar om ein hundepark, til høgre for parkeringsplassen ved Vinnesvatnet. Fammestad seier staden tidlegare har vore nytta som hundepark, og ser berre fordelar med å få dette attende til bygda.

– Det må vera positivt for alle partar å få til noko slikt. Det kan bli eit veldig kjekt område, med god parkeringsplass og enkel tilkomst, seier grunneigaren.

I søknaden sin skriv Austevoll hundeklubb at dreneringa må utbetrast på staden, og at dei treng eit gjerde som er høgt nok for spretne hundar, finmaska nok for små hundar, solid nok for sterke hundar og tett nok mot bakken for gjerdesnikarar. Gjerdet, dreneringa og arbeidet som høyrer med, er kostnadsestimert til 180 000 kroner.