Frå måndag til fredag er 99 personar testa for koronaviruset i Austevoll.
I går kveld og i dag har kommunen mottatt prøvesvar som viser at seks personar har fått påvist koronasmitte, i tillegg til den eine personen som fekk påvist koronaviruset på torsdag. Personane som er smitta oppheld seg heimane sine, og det har ikkje vore trong for sjukehusbehandling.
Av dei som har fått påvist koronavirus er smittekjelda til eitt av tilfella førebels ikkje kjent.
Til saman er 46 personar bedne om å gå i karantene. 35 av desse oppheld seg i Austevoll og 11 i Bergen. I dag, laurdag, er det gjennomført ekstraordinær testing av 26 personar. Prøveresultata er venta i løpet av morgondagen, avsluttar kommunen i oppdateringa.