Austevoll-politiet rettar blikket sitt mot skulevegen. Tysdag var det Storebø sin tur, der mellom anna fart og mobilbruk vart sett nærare på.
Austevoll-politiet rettar blikket sitt mot skulevegen. Tysdag var det Storebø sin tur, der mellom anna fart og mobilbruk vart sett nærare på.

Sikrar tryggare skuleveg

Austevoll-politiet rettar blikket sitt mot skulevegen. Tysdag var det Storebø sin tur, der mellom anna fart og mobilbruk vart sett nærare på.

Det er hektiske minutt når barn skal hentast, bussar skal lastast, fotgjengarfeltet vert flittig brukt, samstundes som ein straum av bilar summar forbi. Betjent Freddy Brosvik vinkar inn ein trafikant som kollegaen hans har observert med mobiltelefon i handa.

– Det er nok å ha mobilen i hendene for at han skal stela merksemda bort frå der du køyrer. Det er særleg viktig på stadar som denne, seier Brosvik til lokalavisa etter at forenkla førelegg er skrive ut, og trafikanten har kjørt vidare, 1 700 kroner fattigare og to prikkar i førarkortet rikare. Dei som ikkje vedtek førelegget, kan venta seg melding til politiet.

Stort sett bra

Betjent Brosvik meiner at stikkontrollen viser at austevollingane denne dagen viser god aktsemd i trafikken. Mellom anna har alle førarane stogga ved fotgjengarfeltet når det har vore mjuke trafikkantar har villa kryssa vegen.

– Me er ved skulane no ved skulestart, sidan det er mange fyrsteklassingar som er uerfarne i trafikken, seier Brosvik med fokus på dei ekstra krava det stiller til årvakne førarar bak ratta.

Saman med to andre kollegaar ved det lokale lensmannskontoret hadde Brosvik auga på trafikkavviklinga ved Storebø skule, og lovar å flytta blikket til dei andre skulane i kommunen.