Natt til onsdag kasta ein rusa mann loss frå Barmen i ein større fritidsbåt, med kurs mot Marstein fyr. Politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt fortel at dei måtte trykkja på den raude knappen etter at fartøyet grunnstøytte og det var røykutvikling om bord.
– Me fekk meldinga om ruskøyringa klokka 03:33. Me rykte ut og fekk raskt assistanse frå ambulansebåt og private fartøy, mellom anna gjennom kontaktar i det lokale brannvesenet, seier Mjåtvedt til lokalavisa. Redningsskøyta kom òg til etterkvart.
Politiet fekk etterkvart kontroll på båtføraren, som ikkje skal vera heimehøyrande i Austevoll, etter ei kort forhandling medan båten låg på rek. Mannen vart sjekka av helsepersonell, før han vart ført til arresten i Bergen. Vedkommande er meldt for ruskøyring i båt. Fartøyet er det teke beslag i, opplyser austevollpolitiet.