PO-senteret er friskmeldt, etter at samtlege prøvar frå tilsette og bebuarar viser null nye positive.
PO-senteret er friskmeldt, etter at samtlege prøvar frå tilsette og bebuarar viser null nye positive.

Covid-19-utbrotet:

PO-senteret friskmeldt

Dei siste prøvane frå Austevoll pleie- og omsorgssenter viser null positive prøvar. Dermed opnar senteret for besøkjande frå i natt, og tillet i same slengen bebuarar å bli med på spassertur med pårørande.

– Me har fått inn dei siste prøvane. Med ingen positive svar, gjer det at sjukeheimen er friskmeldt og opnar dørene for pårørande frå fyrstkomande nattevakt av, seier kommuneoverlege Inger C. Uglenes til Marsteinen.

– Samstundes opnar me opp for at pårørande no kan ta med seg bebuarar på gåtur, så lenge dei ikkje støttar kvarandre, seier Uglenes, vel vitande om at dei siste dagane med karantene og besøksforbod har vore særleg krevjande for dei som har bustaden sin ved senteret.

Uglenes meiner at særs god handhygiene og respekt for smitteverntiltak frå den eine tilsette som hadde covid-smitta, kan ha vore utslagsgjevande for at smitten ikkje fekk spreia seg på institusjonen.

– Dette viser kor viktig smittevernreglane her. Held ein avstand, vaskar hendene ofte og grundig og held seg heime dersom ein er sjuk, kan me halda fram med skule, arbeid og fritidsaktivitetar, poengterer kommuneoverlegen.