Øyfest ute av kontroll

Ein person vart frakta til arresten då politiet rykte ut til Sandtorv laurdagskvelden.

Fleire personar varsla politiet om ein fest som hadde gått av skaftet på Sandtorv laurdagskvelden.

– Me kjem til staden i ambulansebåten rundt klokka 22, og vert møtt av over 30 ungdommar i 20-åra. Det fyrste me gjer er å be om bistand frå  politibåten i Bergen. Personar slåst og kranglar, og det går ikkje lang tid før me må leggja ein i bakken og setja handjarn på han. Vedkommande vart frakta til arresten i Bergen, og meld for ordensforstyrringar og vald mot offentleg tenestemann, seier politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt til Marsteinen.

Då politiet forlét Sandtorv over midnatt, var det med ei klår melding til personane som var att:

– Om kranglinga tok seg opp att og me måtte rykka ut her igjen, ville det bli prikkar i rulleblada på heile gjengen. Det er totalt uakseptabel oppførsel å dra til ei øy i Austevoll for å halda slik på.

Ungdommane på festen var i hovudsak frå Fana.