– Karantena gjeld berre for barna i dei to basane, og ikkje for sysken og foreldre. Skulle ein likevel ha symptom er det viktig at ein får testa seg så snart som råd, seier Storebø. Testkapasiteten og bemanninga for prøvetaking og koronatelefonen er auka som ei fylgje av utbrotet.
Dei to basane i barnehagen og Selbjørn fysikalske institutt vert stengd fram til den 30. august.
– Det blir understreka at smitta ikkje kjem frå barnehagen eller det fysikalske instituttet. Begge verksemdene har gode rutinar for smittevern og det er veldig god dialog med kommunen.
Eit positivt element i den urovekkjande utviklinga er at det som såg ut som ei ukjent smittekjelde i går, no ser ut til å vera den same for for dei seks andre tilfella.