Så langt er prøvane frå onsdag negative. Smitten som vart påvist hos ein PO-tilsett tidlegare i veka er ikkje frå det lokale utbrotet, der viruset i fylgje kommuneoverlegen smittar ganske lett.
Så langt er prøvane frå onsdag negative. Smitten som vart påvist hos ein PO-tilsett tidlegare i veka er ikkje frå det lokale utbrotet, der viruset i fylgje kommuneoverlegen smittar ganske lett.

Negative prøveresultat så langt

110 av dei 200 prøvane som var avlagde onsdag er komne attende med negative utslag. Blant prøvane er det beburarar og tilsette ved PO-senteret. Ingen prøvar er så langt positive, opplyser ordførar Morten Storebø.

Onsdag blei alle bebuarane ved Austevoll pleie- og omsorgssenter testa for koronaviruset, skriv kommunen på eiga nettside.Ordførar Morten Storebø opplyser til Marsteinen at det så langt er kome negative svar på drygt halvparten av dei 200 prøvane som vart avgitt onsdag, blant svara er mange av bebuarane og dei tilsette ved PO-senteret.  Ingen av prøvane frå i går torsdag er komne i svarretur.

– Det blir understreka at ikkje alle testresultata er mottatt enno. Kommunen reknar med at desse blir mottatt i løpet av fredag og laurdag skriv kommunen,

Austevoll pleie- og omsorgssenter er framleis stengt for alle besøkande, framgår det vidare.

– Situasjonen er vanskeleg for bebuarar og pårørande, og pleie- og omsorgssenteret vil opnast for besøkande så raskt det er forsvarleg. Pleie- og omsorgssenteret er førebels stengt for besøkande til og med fy

rstkomande måndag, 31. august.