Austevollsruta vil tidlegast vera oppe og gå att i morgon, onsdag.
– Om det vert med «Tjelden» eller ein annan båt, kan eg ikkje seia. Me vil nytta dagen og kvelden til å undersøkja saka vidare, seier maskinist Nils-Olai Solesvik.
– Kva skjer med skuleelevane som nyttar snøggbåten til skuleskyss?
– Dei vert henta av «Møkstranissen» på Storebø til vanleg tid.
«Tjelden» ligg no til kai i Bekkjarvik. Klokka 13.39 kom meldinga om at ruta er innstilt dagen ut grunna tekniske problem.
Driftsinspektør i Norled, Arve Finnvik, seier til Marsteinen at det vert sendt opp ein reservebåt frå Stavanger i kveld dersom ikkje problemet ved «Tjelden» vert lokalisert og løyst i løpet av dagen.