I morgon kveld kjem Matti Røssland Trio til Bekkjarvik.
I morgon kveld kjem Matti Røssland Trio til Bekkjarvik. FOTO: Pressefoto.

Lovar tøffe tider

Han vart inspirert av gymnaslæraren Ragnar Hovland til å skriva viser på norsk, og skildrar musikken sin som pop’n’roll. Fredag kjem Matti Røssland til Bekkjarvik.

Etter 30 aktive år som musikar, hovudsakleg på Vest- og Sørlandet, er det ei brei gruppe tilhøyrarar som kjem på konsertane til Matti Røssland.

– Dei er både unge og eldre, folk som har fylgd meg frå starten og nye som kjem til. No opplever eg å møta tredje generasjon publikummarar, seier han til Marsteinen.

– Det er alltid nokon i publikum som kan songane mine betre enn meg!

Røssland seier han sjølv høyrer mykje på artistar som Billy Joel og Bruce Springsteen, men den verkelege inspirasjonen kom frå læraren på gymnaset, forfattaren Ragnar Hovland.

– Det var stilig å ha ein lærar som hadde gjeve ut ei bok. Av han lærte eg at det går an å komponera musikk og fortelja ei historie på same tid. På eine plata mi har eg tonesett ein song av Hovland, Dampvegsvalsen.

For mange er det hiten Tøffe tider frå 1992, lettast knyt til Røssland. For teksten fekk han NOPA-prisen Årets verk. På same plate var låta Stjålen båt, som fekk ein renessanse i 2004, men då i ein duett mellom Røssland sjølv og den tidlegare vêrdama Elin Tvedt.

Vert det Tøffe tider til helga?

– Jadå, eg slepp aldri unna den, tryggar trubaduren frå Husnes som har vore busett i Haugesund dei siste 25 åra. Med seg til Bekkjarvik har han Jørgen Skeie Jr. på keyboard og Reinert Thoresen på rytmeinstrument. Saman utgjer dei Matti Røssland Trio.