Solvor (12), Silja (9) og Sval (5) har lese over 10 000 sider sommar.
Solvor (12), Silja (9) og Sval (5) har lese over 10 000 sider sommar.

Leselyst om sommaren

Gjennom prosjektet Sommarles har dei tre systrene Solvor (12), Silja (9) og Sval Veivåg Hjelmeseter (5) lese over hundre bøker i sommar. Konkurranse hjelper på leselysta, seier Silja.

Lokalavisa treffer dei tre systrene heime i Veivågen. Saman med 101 andre austevollingar frå fyrste til sjuandeklasse har dei delteke i Sommarles. Det er eit nasjonal prosjekt der barn gjennom ein app eller ei nettside loggar inn bøkene dei har lese.

– Når på dagen les dykk?

– Eg likar best å lese når eg står opp, seier Solvor.

– Ja, ofte når eg skal ete frukost ser eg Solvor i stova med ei bok, kjem det frå Silja.

Sommarles skal inspirere til leselyst. Etterkvart som ein loggar inn sidetal, får ein poeng og går opp i level inne på appen.

– Eg brukar omtrent tre dagar på ei bok, seier Silja.

Når dei har nådd eit visst nivå kan dei hente seg premiar på biblioteket.

Sval syner fram eit fint armband med knæsje fargar som ho har fått i premie.

Ho har enda ikkje begynt i fyrsteklassen så ho får bøkene lest opp for seg av mamma Britt Iren. Sval er fascinert av Titanic og yndlingsboka hennar handlar om det berømte forliset.

Rivalisering i syskenflokken

Jentene lagar også bokmeldingar, der dei skriv kva bøkene handlar om og kva dei likte med dei.

– Kva bøker er dei kjekkaste å lesa?

– Fantasy-bøker og hestebøker, seier Solvor. Ho har lese heile 35 bøker denne sommaren, fleire på engelsk.

– Har de alltid likt å lesa?

– Ja, eg har alltid likt å lesa, men i sommar har eg ein konkurranse med storesystera mi Solvor, så det gjer heilt klart at eg les meir enn eg plar gjere, seier Silja.

– Eg er eit konkurransemenneske, legg ho til.

Storesyster Solvor, smiler når ho høyrer at systera utfordrar til konkurranse.

– Eg og likar òg å konkurrere. Eg skal nok vinne.

Akkurat no ligg ho bak Silja med fem bøker, men ho leier når det kjem til sidetal.

– Sidan eg byrja å lesa bøker i fjerdeklassen har eg syntes lesing er kjekt. Samstundes gjer det at norskprøvane på skulen går betre, fortel Solvor.

– Har de nokon tips for dei som vil læra seg å lesa?

– Ein kan byrje med lydbok for å bli interessert, seier eldstesyster Solvor.

– Nei, då lærer ein ikkje å lese i det heile, ein må faktisk sjå på orda for å læra det, kjem det kjapt frå Silja.

– Ja, men ein kan lesa samstundes som ein høyrer på lyden frå lydboka, svarar Solvor.

Då nikker den mellomste systera. Dei er samde om det. Og at å lesa er kjekt er dei også heilt einige om, alle tre.