Framme frå venstre: John Karsten Økland, Tobias Vassnes, Ruben Pettersen, Thomas Hufthammer, Benjamin Høyland, Noah Heggestad. Bak frå venstre: Gustav Rabben, Sondre Tøsse, Markus Hvidevoll, Gabriel Lauvik Ramsay, Bernhard Drønen, Espen Hausberg, William Veivåg, Ivar Austevoll Halstensen, Fredrik Bruntveit
Framme frå venstre: John Karsten Økland, Tobias Vassnes, Ruben Pettersen, Thomas Hufthammer, Benjamin Høyland, Noah Heggestad. Bak frå venstre: Gustav Rabben, Sondre Tøsse, Markus Hvidevoll, Gabriel Lauvik Ramsay, Bernhard Drønen, Espen Hausberg, William Veivåg, Ivar Austevoll Halstensen, Fredrik Bruntveit

Innlegg: AIK-gutane leika med lærkula

Det vart gull på AIK-gutane i det som kanskje var den siste cupen dei spelar saman i. Trenar Runar Veivåg rapporterer.

Etter at dei fleste sommercuper er blitt avlyst pga Covid-19 var me på jakt etter ein cup for G16-laget vårt. 04-kullet som dette laget består av skal på videregåande skule no til hausten og fleire reiser vekk på skule. Så NBK sommercup var siste cup der dei fleste kunne vera med.

Her er link til cupen nettside: https://www.nbksport.no/portal/arego/club/299/news/9424815?fbclid=IwAR37lSYuecYVUEM8-_qDMD1EueWbhMb86jHKU5thtLdHY0RQGKx_AqAbl2k

Cupen starta på laurdag og me spela tre kamper på ein veldig blaut grasbane.

Fyrste kamp var mot Kvernbit, som me vann 4–0.

Andre kamp vart ein jamn kamp mot NBK som enda 2–2

Tredje kamp mot Os 2 vart overlegent vunne 12–0

Måndag var det klart for semifinale og me møtte Valestrand Hjellvik. Me fekk ein god start og leia 3–0 etter 15 minutt. Kampen enda tilslutt 5–1 og me var klare for finale. I finalen møtte med NBK som me spelte uavgjort mot tidlegare i cupen. Finalen vart flytta til kunstgrasbanen for å få betre speletilhøve.

Etter ein jamn start på kampen tok Austevoll over og leia 2-0 til pause. Etter kvila var det berre eitt lag på banen og me vann fortent 5–0.

Veldig kjekt å spela kamper igjen etter ein periode med berre trening. Kjempecup av gutane som reiser heim etter fem kamper med pokal og 28–3 i målforskjell.

Runar Veivåg, trenar