Fritidsbåt på skjer

– Dei hadde god nok vurderingsevne då uhellet fyrst inntrefte, og fekk varsla politiet. Det vil eg rosa dei for. I verste fall kunne me ha leita etter fem sakna personar.

Rundt klokka 02.30 natt til sundag fekk politiet melding om ein båt som hadde køyrt på eit skjer ved Lunnøya. Politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt seier det gjaldt ein mindre fritidsbåt som hadde navigert feil, og at det var fem personar om bord. Ambulansebåten «Rygervakt» kom raskt til, og politiet fekk bistand frå politibåten frå Bergen.

– Det var mørkt og dårleg vêr, og alle om bord i fritidsbåten var synleg rusa. Det er då ei feilvurdering å setja seg i ein båt for å køyra han. Når det er sagt, hadde dei god nok vurderingsevne då uhellet fyrst inntrefte, og fekk varsla politiet. Det vil eg rosa dei for. I verste fall kunne me ha leita etter fem sakna personar.

I fylgje Bergens Tidende var dei yngste om bord under 15 år, og dei to eldste 18 og 20 gamle.