For fyrste gong på fleire månadar har ein austevolling testa positivt for covid19. Kommunalsjef Ida Heggholmen forventar fleire positive testar i tida som kjem. Illustrasjon: Maksim Tkachenko / iStockphoto.
3D illustration

Covid-19:

Austevolling testa positivt – fleire i karantene

Ein lokal innbyggjar er smitta av koronairuset og er sett i karantene. Smittekjelda er kjend, og stammar utanfrå kommunen, opplyser kommunalsjef Ida Heggholmen.

Konstituert kommunalsjef for helse og velferd, Ida Heggholmen, seier at kommunen ser på situasjonen på største alvor og vil fylgja nøye med utviklinga.

— Me vil heile tida vurdera å setja inn tiltak dersom situasjonen skulle utvikla seg, men slik situasjonen er akkurat i dag, har ikkje kommunen planar om å setja i verk strengare tiltak enn dei som me allereie har, skriv Heggholmen på e-post til lokalavisa.

Den som er smitta er i isolasjon i tråd med regelverket. Arbeidet med å spora smitta starta med ein gang smittetilfellet blei kjent, og alle personar som den smitta har vore i kontakt med har blitt kontakta personleg for oppfølging, opplyser Heggholmen.

– Fleire personar er sett i karantene. Av erfaring er det slik at dersom ein fyrst byrjar å smittespora, så oppdagar ein nye tilfelle med positiv testar. Det er derfor god grunn til å venta seg at det kan komma fleire som testar positivt på koronaviruset knytt til denne hendinga, skriv kommunalsjefen.

Påminning

Kommunen understrekar i skrivet til Marsteinen at den smitta personen heile tida har følgd tilrådingane som er gjevne om smittevern, og har ikkje på nokon måte opptredd uforsiktig eller i strid med reglane. Likevel er vedkommande blitt smitta av virus.

– Det er ei påminning til oss alle om kor smittsamt viruset er, kor lite symptom det kan gje hos nokon ­– og kor lett det er for kvar og ein av oss å bli smitta.

– Generelt oppfordrar me innbyggjarane våre til framleis å vera varsame. Unngå unødig omgang med veldig mange. Hald avstand. Vask hendene. Hald deg heime og isolert frå andre når du er sjuk. Ta omsyn til andre når du er på offentleg stad – husk «ein-meters regelen»!  Test deg dersom du har mistanke om sjukdom. Legekontoret testar måndag til fredag mellom klokka 10 og 14 og har god kapasitet for testing. Det er viktig å ringja legekontoret på førehand slik at alt testutstyret er klart før ein kjem, avsluttar Heggholmen.