Av dei 87 prøvane tekne måndag, har kommunen fått svar på 40. Alle var negative. Illustrasjon: fpm/iStockphoto.com.
Av dei 87 prøvane tekne måndag, har kommunen fått svar på 40. Alle var negative. Illustrasjon: fpm/iStockphoto.com.

Covid-19-utbrotet

40 negative prøvar

Måndag var det testa 87 personar for covid-19 i Austevoll. Av dei 40 prøvesvara som låg føre i ettermiddag, var ingen positive, opplyser kommunen på eiga nettside.

Marsteinen har intervjua kommuneoverlegen om situasjonen, saka kjem på papir på torsdag. Enn så lenge er likevel status av sju personar vert teken hand om av det lokale helsestellet etter positive prøvar, medan 113 er i karantene. Dessutan er to personar som er folkeregistrert i Austevoll, men bur på fastlandet, smitta. Også på fastlandet er det personar i karantene som eit resultat av kontakt med desse personane.

104 testa seg for covid-19 tysdag.