– Det var ikkje open eld, men det kom røyk frå maskinrommet om bord. Ingen av dei åtte passasjerane eller mannskapet på to fekk røyk i seg. Fara er no over, seier operasjonsleiar Tatiana Knappen ved Vest politidistrikt til lokalavisalike etter klokka 17:30
– Politiet driv no med åstadsundersøkingar, mellom anna ved å snakka med kapteinen for å finna årsaka til brannen seier Knappen.
Hans Petter Bjånesøy i Austevoll brann og redningsteneste opplyste like etter klokka at passasjerane var evakuerte og at snøggbåten var på veg inn til kai for eigen maskin.
I om lag 20 minutt etter at fartøyet kom til kai var det ei tryggleikssone på 200 meter kring «Tjelden».