Irene Sele og Sara Sele er klare for å køyra ut onsdagens post. Frå tysdag i neste veke er det utkøyring annankvar dag.
Irene Sele og Sara Sele er klare for å køyra ut onsdagens post. Frå tysdag i neste veke er det utkøyring annankvar dag.

Posten skal fram – annankvar dag

Frå tysdag denne veka vert posten køyrt rundt annakvar dag i Austevoll. Postbod Irene Sele merkar nedgangen i brev som skal ut til postkassane, og ser fram til å køyra dei nye rutene.

Med litt kluss med ferja på Krokeide forplanta det seg til postboda ved bruvegen. Klokka nærmar seg ni om morgonen førre onsdagen før dei har lasta bilane og set kursen ut til postkassar i kringlar og krokar rundt på øyane. Allereie denne veka går dei over til å køyra ut annankvar dag.

– Me ha testa ut dei nye rutene våre og er litt spente på om me klarar det innanfor tidsrammene, seier det rutinerte bodet med om lag eit tiårs fartstid i den raude og grå uniforma til Posten.

Sele legg til at ho òg har kjent på at mengdene med brev som skal rundt på øyane har vore dramatisk redusert dei siste åra. På nasjonalt nivå er reduksjonen på 70 prosent på to tiår, og dagleg postombering har ikkje stått fram som berekraftig, står det å lesa i pressemelding frå Posten. I Austevoll i liks med resten av landet vert det no ombering man-, ons- og fredag eine veka og tys- og torsdag den neste.

Pakkeboksar

Digitaliseringa endrar måten me kommuniserer på og kva tenester me nyttar, skriv Posten i pressemeldinga. Posten har som ein konsekvens av dette utvikla ei rekke nye tenester for levering av post og pakker som skal gjera kvardagen enklare. Nye tenester er elektronisk distribusjon av brev via Digipost, levering av pakkar i postkassen, fast leveringsstad som kunden bestemmer, og levering innanfor døra. Kundane kan òg senda brev og pakker frå postkassen.

– Som ei fylge av auka netthandel opplever Posten ein kraftig auke i pakkevolumet, og som eit svar på dette har ein avgjort å utplassera pakkeboksar i 1000 stadar rundt i Norge. Utplasseringa vil skje det komande året. Kundane kan nytta pakkeboksane hele døgnet og pakkene hentast ut ved bruk av ein eigen app. Desse pakkeboksane er å lagt ikkje planlagt i Austevoll.