Politiet vil vera tydelege ute blant folk i ferien.
Politiet vil vera tydelege ute blant folk i ferien.

Hektisk helg

Den siste veka har inneheldt båtar på rek, manglande flytevestar og disputtar på hyttetur.

At ferien er i full sving, har politiet i Austevoll merka godt den siste veka. Spesielt helga var hektisk, og politiet hadde utrykkingar både dag og natt.

– Me sette opp ein ekstra patrulje i helga, og det var naudsynt. Det kjem me til å gjera komande helg òg, seier politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt onsdagsmorgon, etter nok ein sein kveld på jobb

– Etter ei uromelding om ein disputt, rykka me ut klokka 01.04 til ei hytte der 14-15 ungdommar var på tur. Dei var rolege då me kom, og me fekk snakka med begge partar. Dei skjøna alvoret, og lova at det ikkje vart meir tull og ablegøyer resten av turen.

Fleire av meldingane frå helga er knytt til festlege lag, der det gjerne har vore mykje alkohol med i biletet. Ved to høve har helsetenesta teke hand om dei involverte partane utan at politiet har oppretta sak.

– Me registrerer at helsevesenet har mykje å gjera for tida.

Melding og kikkar

Laurdagskvelden fekk politiet melding om ein mann som såg på og fylgde etter barn i Bekkjarvik-området. Han var drege frå staden då politiet kom, men ved hjelp av foto av både mannen og bilen hans klarte politiet å oppsøkja vedkommande.

– Me har forståing for at foreldre og andre vaksne vert uroa. Mannen kjende seg ikkje att i skildringane. Etter ei totalvurdering fekk han pålegg om å halde seg vekke frå hamna i Bekkjarvik, og dra frå Austevoll dagen etter.

Mjåtvedt seier dei hadde ei tilsvarande sak på stranda i Gråsiddalen tidlegare i sommar. Då melde fleire vaksne frå om ein mann som sat med mobilen framme, og dei trudde han tok bilete av barna. Politiet kom til staden, men fann ikkje bevis for uromeldingane.

– Slik samfunnet har blitt, er det forståeleg at folk reagerer.

Hindra promillekøyring

Det som kunne vorte ei stygg promille-sak, vart avvegra då fleire personar stoppa ved ein synleg rusa lastebilsjåfør. Han var i køyretøyet sitt, men fekk ikkje køyrt noko stad før politiet kom.

– Dei kontakta oss med ein gong, heldigvis. Me tok ein blåsetest, som viste ein promille på godt over 1,6.

Mannen fekk leggja seg til å sova, med krav om å møta hos politiet dagen etter. Han møtte opp, bles grønt, og fekk ei kraftig åtvaring før han forlét Austevoll.

– Eg vil rosa meldarane av denne saga. Dei hindra ei promillekøyring.

Båtar på avvegen

Politibåten kom til Austevoll i samband med ein båt som meldt stolen på Os. Båten dukka opp att i Kolbeinshamn, der det vart gjort åstadundersøkingar.

– På same tur gav politiet eit forenkla førelegg for manglande vestbruk.

Ein annan båt, ein gummibåt med påhengs, rek i land på Spissøy før helga. Mjåtvedt seier politiet har teke hans om båten, i fall nokon saknar han.

– I det heile er det ikkje store og alvorlege saker me har rykt ut på den siste veka, men det er uvanleg mange. Dette ser eg som ein naturleg konsekvens av at folk er i feriemodus, avsluttar Vidar Mjåtvedt.