Vidar Mjåtvedt seier politiet vil intensivera kontrollar på sjø og land i vekene framover, både når det gjeld fart og promille. – Ikkje bli overraska om me ber deg blåsa når du ligg til kai i Bekkjarvik, Bakkasund eller andre gjestehamner.
Vidar Mjåtvedt seier politiet vil intensivera kontrollar på sjø og land i vekene framover, både når det gjeld fart og promille. – Ikkje bli overraska om me ber deg blåsa når du ligg til kai i Bekkjarvik, Bakkasund eller andre gjestehamner.

Fleire kontrollar frametter

Politiet vil ha eit ekstra auge med dei sjøfarande i sommar. Til no har dei ingen sakar som dreier seg om promille på sjøen, men har bøtelagt fleire for manglane redningsvestar.

Sommarferie i Vestlandet er gjerne kombinert med sjøliv. Politiet minner innbyggjarane om å setja seg inn i reglane som finst til sjøs.

– Eg har sjølv hatt delar av ferien min her i Austevoll, og registrerer mykje ferdsel på sjøen, seier politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt.

– Det generelle inntrykket mitt er at mange austevollingar kjenner til retningslinjene. Det er likevel ein del som leiger båtar, og som ikkje er oppdaterte på reglane. Det kan vera greitt å gå innom Redningsselskapet si nettside og friska opp, rår han.

– Eit anna tips er å nytta applikasjonen Båtfart. Denne viser fartsgrensene der du ferdast.

Ved sida av båtar og vasskuterar, registrerer politiet fleire kajakkar lags skjergarden i år enn tidlegare.

– Det er positivt! Me vil minna om å ikkje dra ut på kajakktur åleine, og meld alltid frå kor du er. Held deg langs land og bruk vest. Det er ikkje alltid ein fritidsbåt ser kajakken før han er ganske nær, og det er kajakken som har vikeplikt.

Mjåtvedt viser til at det så langt i ferien har vore fleire drukningsulukker på landsbasis.

– Me vil ikkje bli ein del av denne statistikken i Austevoll. Bad aldri åleine, seier han.

Avtale med politibåten

Politiet har så langt i sommar ikkje etterforska saker om promille på sjøen i Austevoll, men varslar at det i tida som kjem vil vera kontrollar – både til lands og til vanns.

– Me har ståande avtale med politibåten i Bergen om å ha kontrollar her ute.

På land, der promillegrensa for førarar er 0,2, har politiet derimot to saker til no i sommarferien. På sjøen er promillegrensa 0,8 for båtar under 15 meter.

Kor mange øl er det?

– Vel, mi tilråding er null øl. Skjer det noko, er det greitt at føraren er edru. Køyring og alkohol høyrer ikkje saman.