Trafikkansvarleg Svein Storebø og politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt ber førarar roa ned over Austevollsbrua.
Trafikkansvarleg Svein Storebø og politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt ber førarar roa ned over Austevollsbrua.

Fire førelegg over bruene

Høgaste fart vart målt til 109 km/t då politiet hadde laserkontroll langs bruvegen mellom Storebø og Austevollshella i ettermiddag. På knappe to timar fekk fire førarar forenkla førelegg for å ha trakka for hardt på gassen.

Det var i 80-sona begge retningar at målingane vart tekne.

– Den høgaste farten vart målt til 109 kilometer i timen. For dette fekk føraren eit forenkla førelegg på 8 500 kroner, og i tillegg tre prikkar i førarkortet, seier trafikkansvarleg Svein Storebø.

Grensa for prikkar før det vert teke beslag i lappen, er på åtte prikkar.

To bilistar som vart målt i 96 og 94 kilometer i timen må betala 4 700 kroner og får i tillegg to prikkar i førarkorta sine. Ein fjerde bil køyrte i 92 km/t, noko som gjev eit forenkla førelegg på 3 400 kroner.

Politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt seier at dei i lengre tid har fått tips og klager om råkøyring i strekket mellom Storebø og Austevollshella.

– Difor tok me føre oss denne vegen i dag. Me kjem til å fylgja med frametter, både seint og tidleg.