36 teiner frå Trollsøysundet reinsa og spylt før dei vart leverte til politiet i Bergen. Foto: K. M. Bauge / Fiskeridirektoratet.
36 teiner frå Trollsøysundet reinsa og spylt før dei vart leverte til politiet i Bergen. Foto: K. M. Bauge / Fiskeridirektoratet.

Store beslag av spøkelsesteiner

Fyrst ei lenkje med 17 krepseteiner i hummarverneområdet, så ei endå lengre lenkje i Trollsøysundet. Spe på med ei ulovleg hummarteine, og du har ei deprimerande liste beslag frå Fiskeridirektoratet i Austevoll.

Det største beslaget skjedde i Trollsøysundet, like ved seglingsleia til ferja.

– Me fekk opp 36 krepseteiner. Både teinene og tauet var grodd, som indikerer at bruket har stått lenge i sjøen. Me hadde fått opp fleire, viss taua ikkje hadde roke på fleire av teinene, seier Knut M. Bauge, som er inspektør i sjøtenesta til Fiskeridirektoratet.

Han fortel om ei rett så grim oppleving etterkvart som teiene kom opp.

– I tillegg til kreps, var det gått fisk i teinene. Mange av desse var i ferd med å gå i oppløysing. Sjøkrepsar er kannibalar, og etterkvart som dei ikkje får mat, tek dei til å eta kvarandre. Det er forferdeleg trasig,  seier Bauge til Marsteinen. Alt utstyret vert inndrege og forholdet meldt til politiet, som òg tek hand om bruket. Diverre var ikkje blåsa utstyrt med namn og nummer, så reelt sett vert det vanskeleg å finna syndarane.

Oppsynet fann òg ei ulovleg hummarteine like utanfor fredingsområdet ved Trollsøy, nærare navigert Ospøykalven. Denne mangla store nok fluktopningar og mangla merking.

Bauge understrekar at nye reglar slår fast at teiner må vendast minimum ein gong i veka. Dette er ei forskrift som nyleg vart innført etter røkteskandalen på Helgeland, der 800 teiner stod og fiska i månadsvis.

Beslaget i verneområdet les du om her.