bilete 1
Bilde 1 av 1

Med god gli mot langrennstoppen

Når Andrine Østervold kjem heim til Austevoll for sommarferie er det ikkje avslapping som står på kalenderen. Sekstenåringen som i februar blei nummer tre i Norges-Cupen, fylgjer eit beinhardt treningsprogram. – Målet er å bli best i landet neste år, seier skitalentet.

Det var i februar det vonefulle skitalentet verkeleg merka seg for det norske langrennspublikumet. I sjølvaste nasjonalanlegget, Holmenkollen, staka ho seg inn til ein tredjeplass på 5-kilometer klassisk. Etter eit kvarter med idrettsleg pinsle hadde ho berre to konkurrentar framføre seg på lista. 137 løparar hadde blitt viste til plassane bak.

– Kva følte du då du kryssa mållinja?

– Eg vart litt overraska. Trenaren min har prøvd å overtyde meg heile haust om at eg er god nok til å komma på pallen, men for berre eitt år sidan vart eg nummer 70 i nasjonale renn, så eg har ikkje heilt trudd på han, fortel Andrine.

Kva tankar gjekk gjennom hovudet ditt den siste kilometeren i Holmenkollen?

– Den siste kilometeren var faktisk ikkje den verste for meg. Det er midt i løpet som er det mest krevjande, då er det så langt igjen. Når det var 600 meter igjen til mål ropte trenarane mine til meg at eg kjempa om ein pallplass. Då var det berre å gje alt eg klarte heilt inn til målstreken, fortel den unge skiløparen.

Dagen etter gjorde ho nok ein sterk oppvisning med tolvteplass på 10 kilometer friteknikk.

– Eg er opphaveleg best i skøyting, men eg har ikkje fått det til å stemma i år. Eg har ikkje vore så nøgd med skøyteskia eg brukt denne sesongen, seier jenta som har ni par ski ståande i garasjen.

– No har eg inngått ei samarbeidsavtale med eit nytt skimerke og dei verkar mykje bedre. Så eg håpar å prestera også i skøyting til vinteren, fortel Andrine.

Individualist

Ein oppvekst i havgapet utan eit einaste skispor er ikkje det folk flest tenker leiar opp til ei langrennskarriere. Andrine tok derfor ofte turen til hytta i Myrkdalen for å gå på ski i sine yngre år. Ho tok også ferja inn til byen to gonger i veka for å gå på rulleski saman med klubbkameratane sine i Fana IL.

– Eg spelte også mykje fotball, men bestemte meg i vår for å satse alt på langrenn.

– Kvifor valde du langrenn i staden for fotball?

Eg synest det var kjekkare å kunna styra alt sjølv. Det var deileg å ikkje vera avhengig av andre for å prestera, seier Andrine som vedgår at ho er ein individualist.

– Presset legg eg på meg sjølv. Eg er skuffa om eg ikkje får vist fram det eg er god for, fortel kondisjonsfenomenet.

Kva er dine styrker som langrennsløpar?

– Eg har ein ganske god avslutting, seier Andrine som fortel at ho er likar seg best på dei lengste distansane.

Norgescup-siger er målet

Andrine går fyrsteåret på NTG toppidrettsgymnas på Geilo. Når ho no er heime på sommarferie i Austevoll er det langt i frå ferie i den kvardagslege betydinga. Treningsprogrammet som Andrine syner til lokalavisa kan ta pusten frå kvar ein ivrig mosjonist. Joggeturarar og styrkeøkter både morgon og kveld, og opp mot 30 timer trening i veka er det ambisiøse programmet til langrennstalentet.

Kan du skildre treningsfilosofien din ?

Me delar opp sesongen i tre. No om sommaren trenar eg mykje mengde, og styrketrening. Når me kjem til hausten trener eg mindre og hardare, mykje rundt mjølkesyreterskel. Den siste delen er konkurransesesongen. Her er fokuset på renna og all trening handlar om å vera utkvilt og i form til konkurransane, forklarar Andrine.

Kva er ambisjonane for den kommande sesongen?

Å vinne norgescup-renn er målet, er det klokkeklare svaret frå langrennstalentet.

Trenar mest på skulen

Andrine har blitt trena av Kasper Kjelsen sidan ho starta på toppidrettsgymnaset på Geilo i haust. Han har mange lovord den unge eleven sin.

– Ho er eit utruleg stort talent. Ho er veldig utviklingsretta og har ei enorm treningsvilje. Andrine kan bli så god som ho berre vil, fortel trenaren frå Geilo.

– Korleis har utviklinga hennar vore sidan ho starta på NTG?

– Ho har tatt veldig store steg sidan ho starta hjå oss. Mykje av det trur eg har å gjere med at ho ikkje hadde tilgang på snø då ho budde i Austevoll. Teknikken har blitt kraftig forbetra etter at Andrine har fått gått på ski dagleg, fortel Kjeldsen.

– Trenar ho ikkje veldig mykje for alderen?

– Det gjorde ho allereie då ho starta hos oss. Med 800 treningstimar i året er ho blant dei som trenar mest på skulen. Men Andrine har drivi allsidig i mange år. Så lenge me held ho igjen, så trur eg ho taklar det, fortell ski-sjefen som ikkje vil legga for mykje press på eleven sin den kommande vinteren.

– Andrine har allereie tatt veldig store steg og me skal ikkje leggja for mykje press på henne no. Klarar ho å halda seg på same nivå som i år så er det veldig bra, avsluttar Kjeldsen.

Treningsprogrammet til Andrine 13-18 juli

  

Morgonøkt

 

Kveldsøkt

Måndag

Tysdag:

Onsdag:

Torsdag:

Fredag:

Laurdag:

Sundag:

7*1000 meter intervall på Eidsbøen, mjølkesyreterskel: 1 t 30 min

Joggetur på Loddo: 3 timar.

4 timar rulleski/skøyting. Stolmen-Kalve t-r

3 timar rulleski/klassisk

2 timar joggetur

Intervall på rulleski. 6*5min i maksfart:  1t 30 min

Langtur jogging: 3 timar

Styrketrening: 1 t 30 min

2 timar rulleski/klassisk. Hurtighet på slutten

1 time joggetur

2 timar rulleski/skøyting

FRI

Styrketrening: 1t 45 min

Fri

Totaltid: 26 t 15 min