Varslingssaka mot Bjarte Madsen (til venstre), der ordførar Morten Storebø er inhabil, skal handterast politisk i morgon tidleg. Her flankert av varaordførar Anja Heggholmen. Bak er konstituert kommunalsjef Ida Heggholmen og ein av varslarane, Ruth Larsen. Biletet er frå formannskapsmøtet tysdag denne veka.

Kommunestyret handsamar i morgon

På raudt papir og etter signert teieerklæring skal lokalpolitikarane handtera varselet mot rådmann Bjarte Madsen. Det kan konkludera i fire ulike utfall.

Advokatane til Thommessen legg fram funna sine for lokalpolitikarane i møte fredag morgon klokka 09:00. Saka går rett til kommunestyret, og ikkje via formannskapet, slik dei fyrst hadde planar om.

Sjølve varslinga kan i fylgje kommunen sitt eige verktøy berre ha fire ulike utvegar: At varslar får medhald. At varslar får ikkje medhald i saka, men det blir konkludert med at det var legitimt å varsla/klaga.

At varslar får ikkje medhald og varselet må sjåast på som så illegitim at det må vurderast sanksjonar mot varslar.

At det kan ikkje konkluderast og saka blir tilrådd eventuelt til mekling/annan konflikthandtering, eller blir avslutta utan tiltak.