– Det tek rundt ein halvtime frå Storebø til Bekkjarvik. Ikkje stort lenger enn med bil, seier sommarvikaren med eit stort smil. Ole André har tidlegare levd å sykla, på kontinentallag som FixIt og Coop. Men no er syklinga berre på gøy.
– Det er luksus å få teke seg ein sykkeltur i arbeidstida!
Til vanleg studerer Ole André Austevoll samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, og kom i vår heim etter eit semester i London. Til hausten tek han fatt på siste året av masterutdanninga.
– Kva forhold har du til Marsteinen?
– Eg har fyrst og fremst med stor interesse lese avisa frå eg var liten av. Så har eg jo blitt intervjua nokre gongar i samband med idrettane eg har drive på med. No gler eg meg til å få intervjua meir sjølv.
– Kva saker har du lyst å skriva i sommar?
– Eg håpar å få skriva om fiskeripolitikk, og vil setja meg meir inn det. I tillegg vil eg skriva om folk, historiene deira, og nytta sommaren til læra meir om dei ulike verksemdene i Austevoll. Det er lett å tenkja at Austevoll er ein liten stad der du kjenner alt og alle, men berre denne fyrste veka i avisa har eg blitt kjent med nye folk og verksemder.
Ole André vert eit fast innslag i redaksjonen til ut i august.