Rådmann Bjarte Madsen har ikkje utført kritikkverdige handlingar, konkluderer Austevoll kommunestyre. Her frå den opne delen av sakshandsaming.
Rådmann Bjarte Madsen har ikkje utført kritikkverdige handlingar, konkluderer Austevoll kommunestyre. Her frå den opne delen av sakshandsaming.

Framleis full tillit til Madsen

Kommunestyret er ferdig med handsaminga si av varselet mot rådmann Bjarte Madsen.

– Konklusjonen vår er at me framleis har full tillit til rådmannen, seier Joon Raymond Haugland (H) til Marsteinen. Varselet er likevel legitimt, meiner politikarane.

Her er kommunestyret sitt vedtak i heilskap:

Kommunestyret sitt vedtak:

1) Kommunestyret tek rapporten «vurdering av varsel datert 11. mai 2020» frå advokatfirmaet Thommessen til etterretning.

2) Kommunestyret stadfester framleis full tillit til rådmann Bjarte Madsen.

3) Kommunestyret sluttar seg til følgjande moment frå konklusjonane i rapporten:

• Det er ikke funnet grunnlag for påstanden om at Rådmannen har trakassert noen av Varslerne.

• Det er ikke funnet grunnlag for påstanden om at Rådmannen er ansvarlig for handlinger og/eller unnlatelser som medfører et «uforsvarleg arbeidsmiljø i administrasjonen i Austevoll kommune», i brudd med reglene i aml. §§ 4-1, 4-2 og/eller 4-3, verken for enkeltpersoner eller generelt.

• Det er ikke funnet grunnlag for påstanden om at Rådmannen har holdt tilbake informasjon utover det han må anses å ha rett til i kraft av å være leder og utøve saklig styringsrett. Det er heller ikke funnet grunnlag for påstanden at Rådmannen har utvist manglende lojalitet til egen organisasjon.

• De forhold som adresseres i Varselet og som er fremkommet gjennom undersøkelsene utgjør ikke, verken enkeltvis eller samlet, «kritikkverdige forhold i arbeidsgivers virksomhet», slik dette begrepet er å forstå etter aml. § 2 A-1.

4) Varslarane sin kritikk mot Rådmannen kan, slik kommunestyret vurderer saken, ikkje føre fram. Samstundes må varselet som ble levert 11. mai 2020 reknast som forsvarleg og lovleg etter reglane i aml. §§ 2 A-1 og 2 A-2. Sitat frå rapporten:

Varslerne har brukt varslingsinstituttet for å si ifra om forhold som de på tidspunktet for avgivelse mente var kritikkverdige. Terskelen for hva som skal anses som «kritikkverdige forhold» skal være lav, og det er ikke nødvendig at den som varsler har rett i kritikken for at det skal anses forsvarlig å fremsette kritikken.

5) Kommunestyret presiserer at det er alvorleg når alle fire toppleiarane i kommunen nyttar sin rett til å levere eit varsel mot Rådmannen. Kommunestyret sin konklusjon er at Rådmannen i dei sakene varselet handlar om har opptredd i tråd med arbeidsmiljøloven og spelereglane i arbeidslivet.

6) Kommunestyret understreker at rådmannen har det overordna ansvaret etter arbeidsmiljøloven å sikre eit forsvarleg arbeidsmiljø for alle tilsette jf. kommuneloven. Rådmannen skal hindre og forebygge gjengjelding mot varslarane.

7) Kommunestyret ber om at rådmannen fullfører dei organisasjonsprosessane som var hadde starta, med mål om å betre kommunikasjon og samhandling i leiargruppa spesielt, og i heile organisasjonen generelt. Dette inkluderer å vurdere om det i lys av innhaldet i varselet er behov for å utvide eller justere på prosessane som har starta. Dette kan omfatte bl.a. kommunikasjonstrening, etablering av retningsliner og rutinar som skal ivareta nødvendig og hensiktsmessig informasjonsflyt, mv.

Rådmannen må involvere leiargruppa om prosessane som blir sett i verk. Det er likevel rådmannen som avgjer korleis saka skal følgjast opp innanfor rammene av styringsretten, og rådmannen kan krevje at alle bidrar aktivt og lojalt til å få opp igjen eit godt arbeidsmiljø, til å normalisere drifta i kommunen og til å opptre samlande og ikkje splittande internt og eksternt.

Kommunestyret ber rådmannen kome attende til kommunestyret der han skal presentere arbeidet, og om leiargruppa treng ekstern ekspertise for å fasilitere prosessane.

Kommunestyret ber om at formannskapet og kommunestyret får orientering i kvart møte framover om arbeidet i leiargruppa.

8) Kommunestyret ønskjer også å styrke samhandlinga mellom politikk og administrasjon. Kommunestyret ber difor om at ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar i lag med AMU dannar eit prosjekt der målet er å avklare forståinga av roller, delegeringsreglementet, reglement elles og retningsliner som regulerer samhandlinga mellom politikk og administrasjon.
Kommunestyret ber om at prosjektet vert presentert tidleg på hausten.​