Jørgen Sandvik spelar på klassiske bluesstrengar og kjem til Løo laurdag. Pressfoto: G. Singstad.
Jørgen Sandvik spelar på klassiske bluesstrengar og kjem til Løo laurdag. Pressfoto: G. Singstad.

Førehandsomtale:

Eit stykke Chicago på Løo

Jørgen Sandvik og blueseksplosjonen hans er eit stykke klassisk chicagoblues. Dei blå røtene hans er tydleg i meistrar som B. B. King og Jimmy Rogers.

– Bluesen er den første musikkforma som rørte ved meg. Og det fyrste eg byrja spela, seier gitarist og vokalist Jørgen Sandvik, kjent mellom anna frå The Real Ones. Når han går attende til røtene er det med ein lyd som speglar attende lyden av Chicago, sjølv om gigantane frå byen ved Lake Michigan ikkje er dei einaste som har inspirert han.

– Britiske bluesfolk som John Mayall har òg inspirert meg, seier Sandvik som òg har med seg det austevollske perkusjonsfenomenet Nils Are Drønen i ensemblet sitt.

Du får ikkje bognande tatoverte biceps og hår-på-brystet-blues med Sandvik.

– For meg er denne musikken noko anna, meir var, seier frontfiguren, som håpar folk vender seg mot Løo og konsert på laurdag.

– Likar du musikk, er det berre å komma. Du treng slett ikkje vera blues-fan, avsluttar spelemannsprisvinnaren frå 2018.