Kommunalsjef Liv Margareth Østervold finn fram godord når ho omtaler dei tilsette ved skulane og skuleleiinga før portane skal opnast for alle elevane til veka.
– Dei har arbeidd iherdig med førebuingane. Nye smittevernreglar vart kunngjorte torsdag, så det har verkeleg vore snakk om å snu seg rundt, seier kommunalsjefen og gler seg til at alle elevane kjem attende. Ho forsikrar at elevane skal bli godt tekne vare på og at smittevernreglane skal verta fylgde.
På Selbjørn skule skal femte-, sjette-, og sjuandeklassane fyrst koma på skulen på tysdag. Resten av veka møter alle klassane på skulen som vanleg.
På Storebø skule skal sjuandeklassen ha heimeundervisning måndagen, og møta resten av veka. Her skal sjetteklassen ha heimeundervisning onsdag. Resten møter heile veka.
Ved Austevoll ungdomsskule har åttandeklasse heimeundervising måndag og onsdag. Niandeklassen har heimeskule tysdag og fredag, medan avgangsklassen tiande har førebuing til tentamen heime torsdagen, elles møter alle på skulen.