Illustrasjon: Teikninga frå mai 2018 er framleis  aktuell, etter at kommunalsjefane og økonomisjefen 11. mai i år sende varsel på rådmann Bjarte Madsen. Teikning: May Linn Clement.
Illustrasjon: Teikninga frå mai 2018 er framleis aktuell, etter at kommunalsjefane og økonomisjefen 11. mai i år sende varsel på rådmann Bjarte Madsen. Teikning: May Linn Clement.

Kommentar:

Verkebyll med fleire sider

Marsteinen hadde eit breitt kjeldegrunnlag då me på leiarplass januar 2018 etterlyste eit større fokus på openheit og ytringskultur i kommuneorganisasjonen. Ein kan kalla det ein brannfakkel, men det sette i gang ein prosess om varsling og kulturen i organisasjonen. KPMG gjennomførte den fyrste medarbeidarundersøkinga i kjølvatnet av dette, og i mai same år kom resultata. Dei peikte på at 37,5 prosent av dei tilsette i støttefunksjonane til rådmannen synst at leiargruppa ikkje bidrog til openheit og godt ytringsklima. 59 prosent av dei tilsette meinte at det er for stor avstand til leiargruppa. I dei administrative støttefunksjonane meinte halvparten av dei spurde at avstanden hadde auka dei to siste åra fram til undersøkinga vart gjennomført. Ei tid som skriv seg til før Madsen tok til på rådmannskontoret i april 2018.

Den andre undersøkinga vart utført på huset, og nokre av kommentarane i den subjektive delen av undersøkinga vart halde borte frå både opposisjonen og offentlegheita. Held  toppleiinga, enten det er politikarane eller rådmannen, attende informasjon om arbeidsforhold eller kritikk mot seg sjølve? I tillegg vart arbeidet med medarbeiderundersøkinga utført av personalrådgjevar Ida Heggholmen, tvillingsystera til varaordførar Anja Heggholmen. Uansett kor profesjonell og sakleg ein kan vera i arbeidet, vil det kvila eit spørjeteikn over vurderingar som vert stempla som hemmelege. Arbeidet med slike undersøkingar må i framtida verta gjort av eksterne, for å unngå spekulasjon om tette band og motivasjon for å halda kommentarar hemmelege. Varaordføraren har sjølv, seinast i Marsteinen for ei veke side, forsvart hemmelegstemplinga av kommentarane.

I formannskapsmøtet i juni i fjor, kom ein Høgre-politikar med knallhard kritikk mot avdelinga som vert leia av kommunalsjef Ruth Larsen. Bakgrunnen var at kommunen sjølv hadde gjennomført ei rekkje utbyggingar utan å fylgja lovverket. Det vart snakka om at hovud burde rulla og om personalsak. Alt i eit ope politisk møte med kommunalsjefen til stades. Ordføraren klubba ikkje partikollegaen, og rådmannen bad ikkje om at kritikken skulle adresserast til han og ikkje direkte til kommunalsjefen. Dermed vert det etablert ein kultur der kommunalsjefane er fritt politisk vilt.

Tysdag erklærte ordførar Morten Storebø seg inhabil i sjølve varslingssaka. Det kan vanskeleg tolkast på annan måte enn at ordføraren på eitt eller anna vis er ein del av varselet, og det er langt frå umogleg at det kan sporast attende til mellom anna episoden i formannskapet.

Det festar seg vidare eit bestemt inntrykk av at rådmann Madsen etter dryge to år på rådmannskontoret vert opplevd som ryddig og som meir open for kritikk nedover i systemet. På den tida har kommunen måtte handtera krevjande omstillingar om rekommunalisering av pleie- og omsorgstenestene og den vanskelege pandemien. Nokre av kjeldene til lokalavisa fortel at han legg opp til ein openheitskultur, noko som ikkje i like stor grad var tilfellet før hans tid. Andre fortel om lite strategisk planlegging og at det verkar klart at det er gnissingar på toppleiarnivå.

Det har òg vorte stort fokus på økonomi og budsjettankegang og litt for lite på kvaliteten på tenestene som vert leverte. Andre igjen meiner at arbeidstilhøva har vorte meir krevjande på kommunehuset, men peikar verken på rådmenn eller kommunalsjefane.

I eit intervju i lokalavisa like før han starta i stillinga, sa Bjarte Madsen at det er politikarane som bestemmer kursen, og at rådmannen si oppgåve er å syta for at skuta har styrefart. Varslingssaka er ekstremt krevjande for Austevoll, og må uansett resultera i ein eller annan form for etterspel. Ein kommuneorganisasjon kan neppe leva med så stort konfliktnivå i skjeringspunktet mellom politisk og administrativ toppleiing som dette varselet vitnar om.

T. Hagenes