Tom-Christer Nilsen (H) og Bjørnar Moxnes (R) representerte kvar sin fløy i Stortingets iscenesetting av Trollfjordslaget. Teikning: May Linn Clement.
Tom-Christer Nilsen (H) og Bjørnar Moxnes (R) representerte kvar sin fløy i Stortingets iscenesetting av Trollfjordslaget. Teikning: May Linn Clement.

Kommentar:

Verbalt slag i Stortinget etter mal frå Trollfjordslaget

Harald Tom Nesvik (Frp) vart langt frå den Oskeladden han sjølv i vaken tilstand drøymde om å vera. Med kvotemeldinga i stresskofferten reiste han rundt, men vart motteken med lite lovsong. Særleg var det den statlege kvotebanken som var ulyd i øyra til ein meir eller mindre samla fiskerinæring. Ein innretning som skulle til for å tråla nokre millionar i statskassen. Då Stortinget handsama meldinga førre veke, påpeika Geir Pollestad at det er underleg at Framstegspartiet ivrar så sterkt å krevja inn ein ny skatt. Han undra om Frp trur fiskalavgift betyr fiskeavgift, men den gong ei. På vegen hadde altså kvotebanken gått på grunn, Frp trekt seg ut av regjeringa, Oskeladden fór attende til brønnbåtreiarlaget Sølvtrans, etterfylgjaren hans kom og gjekk og fekk visst rundhanda betalt, før ein ny høgremann entra kontoret. Med veldig tjukke og mjuke gummisålar.

Stortinget ligg mange sjømil til næraste fiskefelt, særleg når ein i fleire timar debatt knapt er innepå noko anna enn torsk, eller til nauden ei hyse eller to. Det er dei store, stygge trålarane som sug til seg verdiar som skulle sikra lys i husa på dei minste holmar og øyar. Små fiskemottak, og aller helst einslege sjeler åleine til havs i kvar sin sjark, eller kanskje ein robåt? Er det Trollfjordslaget som spøkjer i bakgrunnen? Kvotebaronar, yndlingsordet til den meir venstreradikale delen av forsamlinga, vart tidvis brukt. Nokre av dei bur i Austevoll, utan at bjølla vart hengt verken på Alfabygget, Bekkjarvik bryggje eller andre geografiske stadar enn Vestlandet. Verdiane som er vortne henta på havet, frå fellesskapet sin eigedom, har sjeldan blitt nytta til jet set, til Prada, sportsbilar eller endå mindre private jetfly eller luksusvillaer i St. Tropez. Det kan godt vera at Røkke ikkje hadde gått i tresko til bedehuset, der dei beste blant oss datt ned på kne og bad gud om å senda silda attende til oss. I året 1959 måtte det kommunalt hjelpearbeid til, og underskotet var på 446 000 kroner eit formidabelt beløp for dryge 60 år sidan. Samfunnet vårt stod nærast på ein fot, og overfiske gjorde at den brått og brutalt vart hogd av. Samfunnet vart årelata, men vegar vart bygd, og austevollingen måtte fiska eller flytta. Dei som hugsar attende, minnast smalhans, folk svolta nærast.

Svart hav gav starten på kvotar, som igjen vart fødselshjelpa til struktureringa. Det var for mange fartøy til den vesle fisken som fanst. Du kunne kondemnera fartøyet ditt, selja det til utlandet og du fekk ein slant pengar. Eg er gamal nok til å hugsa ”Drivenes” til kai inne i Bekkjarvik. Brått vart det snakk om at eigarane, altså naboane, skulle søkkja båten. Og Marsteinen kom med bilete av endeliktet. Likevel var det små forhold i fiskeria, og då mogleg yrkesveg skulle meislast ut for meg sjølv i 1990, overtalte mor mi meg å satsa på bøker og teori i staden for kart og sekstant. Når det er sagt, far min var flink fiskeskipper, men eg trur at han var lite eigna som dagleg leiar. Slik vart det ikkje noko fiskeri å ta over i familien, brørne mine satsa på data og flytta aldri heim til øyane etter endt utdanning.

Dei som var flinke både i fiskeri og å driva næring, som i sitt indre sinn visste at silda ville komma igjen, som reiste på havet og fiska makrell, lærde seg å tråla kolmule, for dei vart det verdiar. Å byggja samfunn, fyrst og fremst. Utan eit slikt fiskeri, år med slit og smalhans, ville ein neppe kunna bygd dette samfunnet, investert i offshore, fiskeoppdrett, handel og kultur. Difor er det lett å vera samd med stortingsrepresentant Frida Melvær (H) frå gamle Sogn og Fjordane. Ho meinte at det var rett så mange floskelbaronar i debatten, og viste til dei som nytta desse orda for å teikna lite flatterande bilete av reiarar som har kjøpt seg mange kvoterettar. Kanskje vart det Moxnes (R) og Knag Fylkesnes (SV) som var klarast tok slike ord i kjeften. Ja, nokon gjekk såpass langt at dei nærast kalla det ran av kysten. Når det er sagt, fekk debatten eit komisk preg. Fyrst ville høgresida vedta kvotemeldinga, deretter konsekvensutgreia tiltaka. Det er som i fyrst sjøsetja båten, deretter tetta botnventilane. Ikkje lett å vera saksordførar for godaste Tom Christer Nilsen (H) frå Bergen, særleg når dei for lengst burde sett på kartet og lagt skuta til kai.

Norsk fiskeripolitikk har langt på veg lukkast, der dei fleste andre land har lete pengemakta og eigarkonsentrasjonane hopa seg opp. Christian Halstensen snakka med krass stemme til Oskeladden om at kvotemeldinga, og særleg kvotebanken, ville rykkja teppet under den skjøre balansen i den norske næringa. Attende i kvardagen er det kanskje på landsida utfordringane verkeleg ligg. For mykje råstoff vert levert ut av landet ubearbeidd, sesongsyklusane gjer at arbeidsplassane ikkje gjev god nok sysselsetting heile året, og norsk arbeidskraft har vore så kostnadsdrivande at særleg kvitfsk vert sendt ut på lange vegar, bearbeidd i andre verdsdelar og deretter sendt attende til marknaden i Europa. Meir stimuli til innovasjon og produktutvikling i fiskeindustrien kunne òg vore med og trekt opp verdiane av fangstane og vore viktigare enn den kontroversielle kvotemeldinga.

Det det er pengar å henta, kjem ofte kapitalen òg. I Noreg er det likevel slik at fiskeflåten i all hovudsak er fiskareigd. Og i den flåtegruppa me kjenner best, ringnót, ligg eigaravgrensinga på 6,5 prosent. I stortinget stod så eit verbalt Trollfjordslag, mellom dei som tilsynelatande er for å sleppa kapitalen til og dei som vil kjempa den vesle sjarken si sak. Sett frå datamaskinen på heimekontoret verka det heile ganske oppkonstruert, trålarane sysselset òg norske fiskarar, leverer verdiar til marknadane. Sjarkane er sjølvsagt òg verdifulle, men i 2030 er det ikkje sikkert at fiskarar har lyst å dra åleine på havet. Trass alt har einmannssjarken i mange år vore Noregs klart farlegaste arbeidsplass, lite å verta nostalgisk for på Løvebakken, skulle ein tru.

I det verbale sjøslaget i tinget stod venstre- mot høgreside, og i avrøysting vart det eit knapt fleirtal for den vengjeklypte versjonen av kvotemeldinga. Blir det regjeringsskifte om eit år, blir det omkamp. Akkurat dét er kanskje det fremste problemet for sjølve fiskeria: Dersom ein skiftar retning ved kvart stortingsval, mistar næringa føreseielege rammer, og i eit slikt perspektiv vert kvotemeldingar som manglar brei forankring og skikkeleg legitimitet mest som skjer i sjøen å rekna.