Etter sju år med Stendi, blir Austevoll kommune herre i eige hus på PO-senteret. Anja Heggholmen (varaordførar, A) og rådmann Bjarte Madsen gler seg til å overta.
Etter sju år med Stendi, blir Austevoll kommune herre i eige hus på PO-senteret. Anja Heggholmen (varaordførar, A) og rådmann Bjarte Madsen gler seg til å overta.

Markerte slutten for Stendi

I 2013 tok Aleris, seinare Stendi, over drifta av heile pleie- og omsorgsektoren. Tysdag, etter pinsehelga, vert det Austevoll kommune sitt flagg som vert heist ved PO-senteret.

Iren Storebø Melingen har leia Austevoll-armen av Stendi/Aleris, og seier at dei tilsette har vore igjennom ei rekkje omstillingar og omveltingar.

– Eg er sikker på at me skal klara dette saman, og inntrykket mitt er at dei tilsette gler seg til å jobba for kommunen igjen, poengterer ho til dei tilsette, rådmann Madsen og varaordførar Anja Heggholmen. Alle inviterte på kaffi, kake og pizza på PO-senteret.

182 arbeidskontraktar er skrivne for litt i overkant av 80 årsverk når sektoren atter ein gong vert kommunalt.

– I Noreg er snittet 1,1 år liggetid på kvar pasient som kjem på omsorgssenter. I Austevoll er det same talet 2,5 år. Det er noko av bakteppet for kvifor me treng kommunal drift, seier rådmann Bjarte Madsen til Marsteinen. Han har trua på å justera tenestene retta mot tidlegare innsats, og fleire nivå i velferdstrappa.