Lesarinnlegg:

Historisk bomskot av fylkesutvalet

Fylkesutvalet i Vestland har gjort noko historisk. For fyrste gong har dei ikkje prioritert eit vegprosjekt som fylket allereie har fått inn i Nasjonal Transportplan. I røynda seier dei nei til nytt og effektivt samband mellom Bergen og Stavanger, dei seier nei til å binde Tysnes, Stord, Bømlo og resten av Sunnhordland saman med kvarandre og med resten av Vestland. Dei seier i røynda nei til nokon gong å få eit fast samband til Austevoll. Og mest av alt; dei seier nei takk til milliardinvesteringar, nye sjansar for leverandørindustrien, maritime næringar og nye utviklingssjansar for Vestland. Dei er villige til å sende milliardar av samferdsleinvesteringar ut på vandring frå Sunnhordland til kvar som helst i landet. Dei skyv Sunnhordland frå seg.

 Det må vere ein rik fylkeskommune som har råd til slikt. Når ein ikkje vil prioritere Hordfast, vil ein i røynda ikkje prioritere Vestland, for pengane kan gå andre stader.

Mange trur at dette skal gjere at der kjem pengar til andre prosjekt i Vestland med dette grepet. Det er det ingen automatikk i. Det er ikkje slik i Nasjonal transportplan at dei einskilde fylka har ei matematisk fastlagd del av totalen. Tvert om, dette skiftar etter kvar investeringsprosjekta ligg. Dette veit alle fylka, og difor har aldri nokon aktiv velt bort eit prosjekt dei har fått inn. Vel ein bort, er det mest sannsynleg at pengar fer ein annan stad. 

Nokon trur dette skal bety at ein skal starte på ei indre lei for E39. Der ligg ikkje noko slik moglegheit i dette. Nokon trur det vil gjere det meir sannsynleg at E16 vert bygd. Nokon trur det skal bety eit betre ferjetilbod. Der ligg ikkje noko slikt i dette. Det ligge berre i dette at Vestland seier, ver så god resten av landet; her har de nokre milliardar til vegprosjekt, vi treng ikkje dette prosjektet.  

 Attpåtil er dette eit av få prosjekt i landet som er samfunnsøkonomisk lønnsamt, og difor er prioritert av Statens Vegvesen.  

 Det er historisk. Resten av landet ser på oss i undring, og planlegg korleis dei kan nytte pengane som vert borte frå Vestland

Det er ikkje slik eg meiner oppgåva til Vestland fylke skal vere. Dei skal ikkje løyse prioriteringsoppgåva til samferdseldepartementet. Vi skal syne behova til Vestlandet.

Behova til folk på vestlandet er å komme seg trygt og effektivt fram. Trongen til vestlandet er å knyte saman landsdelen på tvers av fjord og fjell, og gjennom det gjere det like lett for vår industri og vårt næringsliv å konkurrere som anna næringsliv i dette landet og gjera seg konkurransedyktige mot andre land

Vi må ikkje seie nei til investeringar og sende dei andre stader i landet. For vår oppgåve som folkevalde frå Vestland er å bygge vestlandet saman.

 

Tom-Christer Nilsen

Liv Kari Eskeland