Fire sjåførar på punga ut for å ha køyrt for fort nær ferjekaien på Hufthamar, som her ved Nordre Haugland, og ved Haukanes. Ein fekk og reaksjon på mobilbruk.
Fire sjåførar på punga ut for å ha køyrt for fort nær ferjekaien på Hufthamar, som her ved Nordre Haugland, og ved Haukanes. Ein fekk og reaksjon på mobilbruk.

Fem førelegg i pinsetrafikken

Fire bilistar køyrde for fort og fekk førelegg for det, og ein fekk førelegg for mobilbruk då Austevoll-politet var på vegen fredag ettermiddag.

Politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt seier dei agerte på tips og innspel frå austevollingane. Høg fart, særleg på ferjestrekningane, har gått igjen.

– Fem førelegg, fire for fart i lasermålinga. Det høgaste me logga var 80 kilometer i timen i 60-sona. Vedkommande for førelegg og tre prikkar i førarkortet, seier Mjåtvedt. Han meiner talet på bilistar som køyrer fort er i høgaste laget, særleg fordi dei var i ei avgrensa periode på vegen, og med høg terskel for å stoppa førarane.

– Me såg òg fleire sjåførar med mobil enn det me hadde kapasitet til å stogga, seier Mjåtvedt til lokalavisa.