Austevollpolitiet sine kontrollar i trafikken gjev lite grunn til klapp på skuldrane til trafikantane. Mange let tilhengjarane sine vera lasta utan å sikra dei.
– I ein vanleg bil vil ei laus brusflaske få ei vekt på 18 kilo når du krasjar i berre 50 kilometer i timen. Kva då med sementsekkar på 20 kilo som ligg på ein tilhengjar? spør politimannen retorisk. Han meiner at altfor mange køyrer utan tilstrekkeleg sikring. Han varslar melding til politiet og førelegg på denne typen saker. Du kan òg risikera inndraging av førarkort.
Døme på usikra last torsdag denne veka. Foto: Svein Storebø / Politiet.
– Eg tar i for mykje viss eg seier at det er tre av ti som sikrar lasta etter føreskiftene. No er me komne så langt at me vil skriva førelegg for denne typen brot på trafikklovgjevinga, seier Storebø. Han peikar på at usikra last kan gje grunnlag for tiltale dersom ein er involvert i ei ulukke, der det oppstår personskadar eller i verste fall død.
Slappe trafikkantar
På eit meir generelt grunnlag meiner politimannen at austevollingane treng å ha eit skikkeleg fokus på at køyretøyet dei set seg bak rattet på er i tråd med føreskriftene. Manglar du eit lys, nyttar det ikkje å orsaka seg med at du lånar bilen frå nokon andre.
Denne veka vart òg eit køyretøy avskilta på staden for å ha blankslipne dekk. Føraren blir meldt for forholdet, men mistar ikkje førarkortet.
Her er det ikkje mykje veggrep att. Bilen der desse blankslipne vinterdakka stod på, vart avskilta på staden. Føraren er meldt.
– Hadde det vore våt vegbane, ville føraren òg ha fått førarkortet inndrege. Vedkommande fekk klar beskjed om farane ved mellom anna oppbremsing når dekka manglar mønster, og mistar veggrepet, seier Svein Storebø til Marsteinen.
– Me kjem ikkje til å kosesnakka med bilistar køyrer bilar som ikkje er i stand etter føreskriftene. Me vil sanksjonera. Det same gjeld hengarar utan sikring av last, seier Storebø og varslar auka fokus i tida som kjem.