Nordsjøløypa på Selbjørn – ein stad du normalt får gå åleine i – kan kvalifisera for eit kryss på deltakararket til turlaget.
Nordsjøløypa på Selbjørn – ein stad du normalt får gå åleine i – kan kvalifisera for eit kryss på deltakararket til turlaget.

Turlaget vil ha folk ut i påskenaturen

Ei rekkje turmål, eit skjema å fylla ut for kvar du har vore og nokre lekre sponsorpremiar er Austevoll turlag sitt bidrag for å gjera heimepåska minneverdig, trass alt.

Regina Njåstad Vestrheim og resten av turlaget vil ha øyfolket ut i naturen, og skipar til ein liten konkurranse i påska. Nokre utvalde uturmål, og nokre du kan velja sjølv, gjer at du kan gå deg fram til ein aldri så liten premie.

– I tillegg til at folk kan komma seg ut, er det veldig fint om ei spreiar seg på ulike løyper, seier turlagsleiaren og viser til at det tidsvis allereie har vore heilt fullt på parkeringsplassane i Åno i koronatida.

Ho oppmodar samstundes øyfolket til å fylgje dei uskrivne reglane for friluftsliv og ta med seg avfall heim og dermed syta for sporlaus ferdsle.

Informasjon om konkurransen finn du på turlagets heimeside.

Friluftslivet sine koronavettreglar

  1. Velg turar i nærmiljøet ditt! Bruk fantasien og utforsk nye turhøve der ikkje alle andre går.
  2. Du treng ikkje gå ålene – få med deg resten av husstanden på tur!
  3. Rast med god plass. Ta med mat, drikke og handsprit, og kos deg på tur.
  4. Ta vare på naturen vår, me treng han. Respekter dyre- og planteliv, og ta med deg søppel heim.
  5. Ver obs på brannfare! Fleire stedar i landet er det veldig tørt og bålforbod.
  6. Bruk kart og kompass når du går utanom merka stier og løyper. Det finst også mange gode appar og turportaler som kan hjelpa deg på vegen.
  7. Snu i tide, og velg aktivitetar med lav risiko. Saman kan me unngå å belasta rednings- og helsetenester.
  8. Smil! Hald avstand til andre, men gjerne hels og smil til dei du møter på din veg.
  9. Hald deg oppdatert på råd og regler fra helsestyresmaktene.

Bak friluftslivets koronavettregler står: Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, Helsedirektoratet, Norsk Friluftsliv, Den Norske Turistforening, Friluftsrådenes Landsforbund og Oslofjordens friluftsråd.