– I Noreg les vi mykje bøker fordi vi har god kjøpekraft, kort arbeidsveke og relativt god tid. Vi lever òg vanlege trygge liv og kan kople av med å la tankane vandre i trygg forvissing om at vi truleg ikkje vil bli del av slike scenario sjølve. Det trur eg spelar ei viss rolle for at vi les mykje krim i påska, seier Hans Olav Lahlum. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix/ NPK
– I Noreg les vi mykje bøker fordi vi har god kjøpekraft, kort arbeidsveke og relativt god tid. Vi lever òg vanlege trygge liv og kan kople av med å la tankane vandre i trygg forvissing om at vi truleg ikkje vil bli del av slike scenario sjølve. Det trur eg spelar ei viss rolle for at vi les mykje krim i påska, seier Hans Olav Lahlum. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix/ NPK

Kriminelt god påske

Krim er for mange nordmenn synonymt med påske og kanskje er det ein grunn til det.

– Påskekrim er faktisk eit særnorsk fenomen, fortel forfattar og politikar Hans Olav Lahlum.

Blei gradvis innført

Lahlum, som sjølv har gitt ut ei rekke krimbøker, fortel at grunnen til at vi byrja å lesa påskekrim ofte blir knytt til ei spesiell hending.

– Utgivinga av romanen «Bergenstoget plyndret i natt» frå 1923 blir rekna som eit konkret startpunkt for norsk påskekrim. Boka er skriven av Nordahl Grieg og Nils Lie under pseudonymet Jonathan Jerv og var ein marknadsføringsmessig braksuksess. Ein sette inn annonsen i avisa med tittelen på boka som overskrift og folk trudde det var ei nyheitssak. Boka selde svært bra, fortel Lahlum.

Han trur likevel ikkje at den norske påskekrimbølgja kan knytast til denne hendinga aleine.

– Kvifor det blei vanleg med påskekrim er nok eigentleg litt meir uklart. Om ein les i avisene frå åra før 1923 vil ein få opp nokre annonsar om at det no snart er påske og at ein må kjøpa krimbøker, fortel forfattar Lahlum.

– I åra etterpå var det heller ikkje slik at påske og krim var knytt tett saman, legg han til.

Påske er for mange synonymt med krim. Noko av grunnen til at krim har gjort det så bra i Noreg, er den nordiske krimbølgja. Foto: Kari Hamre/ NPK

Klassisk krim på veg ut

Krimsjangeren har òg gått gjennom ei massiv utvikling sidan vi byrja å lesa påskekrim. Klassiske krimromanar har fått konkurranse frå advokatkrim, psykologiske thrillerar, politiromanar og fleire andre krimsjangrar.

– Det har vore ei utvikling i typen krim me les. Det har gått litt i rykk og napp i ulike periodar. Men det som først og fremst har vore tydeleg i vår tid, og som er noko av grunnen til at krim har gjort det så bra i Noreg, er den nordiske krimbølgja. Den er veldig brei og er samansett av mange forfattarar i mange ulike litterære sjangrar, konstaterer Hans Olav Lahlum.

Den klassiske krimmen står seg ikkje like godt med den auka konkurransen, ifølgje han.

– Det kjem framleis nyutgivingar av typisk klassisk krim, men den typen krim har ikkje den dominerande posisjonen den typisk hadde i glansdagane til Agatha Christie.

Lahlum peikar òg på at ulike element som var vanlege i krimromanar før ikkje er stovereine lenger.

– Rasisme var vanleg i krimromanar tidlegare, spesielt i mellomkrigstida. Der var det mange typar formuleringar om ulike grupper av menneske, i mange romanar. I romanar frå den tida finn vi ein del karakteristikkar av folkeslag som ein ikkje vil finne i dag, fortel han.

Har fått høgare status

Tradisjonelt har krim som sjanger hatt eit noko rufsete rykte. Lahlum fortel at krimsjangeren dei siste åra har blitt meir anerkjend.

– Det er nok riktig at krimforfattarar ei tid ikkje blei anerkjende. Etter kvart har derimot krimlitteraturen fått høgare status. Det har nok noko med at produksjonen har gått opp. Går ein til 70- og 80-talet var det eit einsifra tal med nye norske krimbøker per år. No er det mange fleire bøker og mange fleire forfattarar ulike med ulik bakgrunn, seier Lahlum.

– Lenge stod det i retningslinjene til biblioteka at krim skal ikkje kjøpast inn på innkjøpsordninga. Det ville vore utenkeleg at det skulle stå i dag. Likevel er det berre eit par år sidan siste gong det var debatt. Mange tok til orde for at det var uventa mange krimbøker som hadde fått gode meldingar, som ikkje blei kjøpt inn på innkjøpsordninga. Det blei ein diskusjon om det blei stilt urimeleg høge krav til krimlitteraturen, legg han til.

God krim er plott og karakterar

Lahlum meiner det er to element som må vera på plass for at ein krimroman skal vere riktig god.

– Det eine som må vere på plass er gode personskildringar. Har ein gode karakterar og gode litterære evner kan ein skrive ein krimroman som blir populær utan at plottet er spesielt godt. Har ein i tillegg eit godt plott blir det ei verkeleg god krimfortelling. Det er dei to grunnelementa som må vere på plass i ein god krimroman, avsluttar forfattaren.

<p>(©NPK)</p>

kjell@npk.no