Kommunelegen uroar seg over smittespreiing om folk tek lett på oppmjukninga. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.
Kommunelegen uroar seg over smittespreiing om folk tek lett på oppmjukninga. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.

Kommuneoverlegen uroa

Om restriksjonane frå styresmaktene vert letta på, må ikkje publikum sjå det som eit fritt fram for å reisa kor dei finn det for godt, meiner kommuneoverlegen.

Framleis er det fire påviste tilfelle av korona i Austevoll. Alle med smittekjelder utanfor øyane. At det truleg ikkje er fri smitte blant austevollingane bør ikkje vera noko kvilepute, meiner Inger C. Uglenes, som er kommuneoverlege.

– Me er urolege for at dei lettelsane i reiserestriksjonar med meir som er varsla, gjer at folk trur det er «fritt fram» å reisa kvar dei vil. Det er ikkje riktig. Me ber alle å halda seg i Austevoll kommune viss dei kan. Unngå unødig reising sjølv om det er «lov». Pålegg deg sjølv gjerne ein 14-dagarskarantene viss du har vore utanfor øyane, seier kommuneoverlegen til lokalavisa.

Helsestellet i kommunen meiner at det framleis må vera stort fokus på å halda avstand frå andre menneske.

– Hald deg berre med den næraste «flokken» din. Sjølv om barna skal byrja på skulen eller i barnehage, er det ikkje fritt fram å leika med kven som helst, dei bør framleis halda seg til dei næraste par-venane sine.

Får ikkje testa
Austevoll kommune har  framleis eit par tilfelle av nokså sikker covid-19-sjukdom, utan at dei får testa. Framleis er det  tilfelle smitta utanfor vår kommune, som då eventuelt har brakt smitten vidare til sine aller næraste som dei bur tett saman med. Det er personar som er i karantene grunna nærkontakt til covidsmitta utanfor kommunen i samband med reise og/eller jobb.
Det vert snart ein auke i testkapasiteten, utan at dette fører til at symptomfrie kjem til å verta testa.

– Haukeland universitetssjukehus, vårt laboratorium, arbeider med å innføra ein ny metode for testing som vil auka testkapasiteten drastisk. Då vil me kunna testa fleire sjuke og kriteria frå Folkehelseinstituttet vil kunna mjukast noko opp.

Denne veka fekk kommunehelsetenesta beskjed om at det sannsynligvis tek 14 dagar å få dette på plass, sidan dei må byggja om ei heil laboratorieavdeling.

– Det vil uansett aldri verta snakk om å testa symptomfrie personar med denne testmetoden. Men vonaleg at me kan ta opp igjen å testa sjuke helsepersonell og andre personar med covid 19-symptom.