Inge Halstensen seier til lokalavisa at Bekkjarvik ynskjer å vera med på den nasjonale dugnaden mot koronasmitten. Vurderinga vart gjort tidlegare i veka.
– Me snakka med dei andre gjestehamnene. Fyrst ute Husnes å seia nei, og då me var klare på at me òg ville halda stengt, følgde både Våge på Tysnes og Rosendal raskt etter, seier Halstensen til lokalavisa. Han fortel at han er opprørt av å sjå tilstandane i Sverige og Storbritannia og ikkje minst korleis situasjonen har kome ut av kontroll i USA med Donald Trump si tidlegare line
– Så får me i ein periode heller vera innstilte på at me ikkje får selja fisken vår til England, og for gjestehamnene sin del sjå behovet til dei fastbuande kundane våre fyrst.
Bakksund og stengt
Også på Bahus har dei stengt. Unn Sætre Kalve, som òg driv Joker Bakkasund, fortel at avgjerda var lett å ta.
– Me ser at fastbuande allereie reagerer viss det har kome båtar, og me kunne heller ikkje vera den einaste hamna som haldt open. Det ville vore kaotisk, seier Sætre Kalve til lokalavisa. Ho fortel at påska tradisjonelt fører med seg ei dobling av normalomsetninga. Håpet hennar er likevel ei oppmjuking av restriksjonane etter kvart.
– Vonar folk er flinke å vaska og sprita seg, og ikkje ta på varer unødig – og halda avstand til kvarandre. Dette er kanskje dei viktigaste tiltaka me ser effekten av, meiner ho.